[go: up one dir, main page]

Royal Albert Hall

Royal Albert Hall er eit konserthus i South Kensington i bydelen Kensington and Chelsea i London. Det er oppkalla etter prins Albert, ektefellen til dronning Victoria og blei innvia den 29. mars 1871. Royal Albert Hall ligg i «museumskvartera» omkring Kensington Gardens der ein også finn Victoria and Albert Museum, Natural History Museum og Science Museum.

Royal Albert Hall

ArkitektFrancis Fowke, Henry Young Darracott Scott
Stilitalienisierende stil
Kart
Royal Albert Hall
51°30′04″N 0°10′39″W / 51.50105°N 0.17748°W / 51.50105; -0.17748

På 1890-talet starta dei populære Proms-konsertane til dirigenten Henry Wood i Albert Hall. Desse blir framleis halde om sommaren, med den pompøse avsluttingskonserten Last Night of the Proms i september, som har eit fargerikt folkeliv med flag og banner som kan minne meir om eit idrettsarrangement enn ein konsert.

Albert Hall blir ofte brukt ved store musikkarrangement, og ikkje berre til klassisk musikk, men også store pop- og rockekonsertar har blitt haldne her gjennom åra. Publikumskapasiteten i den ovale arenaen er på inntil 9 000 tilskodarar, men dagens tryggingsføresegner tillet ikkje at det blir slept inn meir enn 7 000 tilskodarar.

Royal Albert Hall var arena då Storbritannia arrangerte Eurovision Song Contest 1968.