[go: up one dir, main page]

Rienza (tysk Rienz) er ei elv i provinsen Bolzano nord i Italia. Ho har utspring i Dolomittane i ei høgd 2 180 meter over havet, sør for Toblach. Nær Toblach renn ho inn i Pustertal (Val Pusteria) og etter 90 km munnar ho ut i Isarco i byen Brixen i ei høgd på 550 meter over havet.

Rienza
elv
Land  Italia
Lengd 90 km
Kjelde Dolomittane
 •  høgd 2 180 moh.
Munning Isarco
 •  høgd 550 moh.
Kart
Rienza
46°38′03″N 12°17′55″E / 46.6341°N 12.2985°E / 46.6341; 12.2985
Wikimedia Commons: Rienz

Rienz renn gjennom kommunane Toblach, Niederdorf, Welsberg-Taisten, Olang, Bruneck, St. Lorenzen, Kiens, Vintl, Mühlbach, Rodeneck og Brixen.

Dei viktigaste sideelvane hennar er Aurino, som dannar Ahrntal og som utgjer 1/3 av den totale vassføringa hennar, Rio Gadera, Rio Anterselva, Rio Braies og Rio Fundres

Den største vassføringa til Rienz ligg på rundt 60 m³/s.

Kjelder

endre