Pilandok
pattedyrart
Pilandok (Tragulus nigricans) er ein liten, nattaktiv drøvtyggjar i familien dvergmoskusdyr som berre finst på Balabac-øya og mindre øyar i nærleiken (Bugsuc og Ramos) sørvest for Palawan på Filippinane.
Pilandok | |
Pilandok | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga Utbreiinga av Pilandok | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Klauvdyr Artiodactyla |
Familie: | Dvergmoskusdyr Tragulidae |
Slekt: | Tragulus |
Art: | Pilandok T. nigricans |
Vitskapleg namn | |
Tragulus nigricans |
Pilandok var tidlegare rekna som ein underart av T. napu, men blei fråskild frå denne art på grunn av skilnader i utforminga av skallen.[1]
Skildring
endrePilandokar er gjennomsnittleg 40–50 cm lange frå hovud til halefestet og har ei skulderhøgd på 18 cm.[2] Dei har ein svart og brun pels med kvite striper på strupa og brystet.
Kjelder
endre- ↑ Meijaard, I., and C. P. Groves (2004). A taxonomic revision of the Tragulus mouse-deer. Zoological Journal of the Linnean Society 140: 63-102.
- ↑ «Balabac chevrotain (Tragulus nigricans) - Detailed information». ultimateungulate.com.
- Denne artikkelen bygger på «Philippine mouse-deer» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mai 2018.