Petsjenga
Petsjenga (finsk Petsamo, russisk Печенга, nordsamisk Beahcán, skoltesamisk Peäccam) i den sørlege delen av Pasvikdalen er eit russisk område på 10 470 km2 i distriktet med same namnet. Distriktet (med omkring 11 000 innbyggjarar) ligg i Murmansk oblast og grensar mot Noreg.
Historie
endreOmrådet var opphavleg ein del av eit felles norsk og russisk skatteland, men 14. mai 1826 vart grensekonvensjonen mellom Noreg-Sverige og Russland underteikna i St. Petersburg. Grensestrekninga over land mellom Noreg og Russland var dermed avklart utan samanstøytar.
Etter det russiske nederlaget i første verdskrigen vart Petsjenga overført til Finland, i samsvar med fredsavtalen i Dorpat 14. oktober 1920. Året etter vart det funne store nikkelførekomstar i området, og desse vart frå 1935 utvunne av canadiske og franske gruveselskap. For å lette tilkomsten vart det bygt veg frå Sodankylä i Lappland til Petsjenga.
Under vinterkrigen stod slaget om Petsjenga i perioden 30. november 1939-12. mars 1940. Krigen enda med sovjetisk siger, og sovjetstyrkar inntok heile området. Under fredsforhandlingane i Moskva i 1940 måtte Finland avstå vestre del av Fiskarhalvøya.
Området vart okkupert av tyske styrkar, med utgangspunkt i Kirkenes, under Operasjon Barbarossa og var under tysk okkupasjon under kampane på murmanskfronten. Etter den tyske tilbaketrekkinga i 1944 vart Petsjenga okkupert av Den raude arméen og formelt avstått til Sovjetunionen innanfor Paristraktatane i 1947.
I byen Petsjenga låg det ortodokse Petsjengaklosteret. Under framhaldskrigen vart klosteret evakuert til Savolaks, saman med klosteret som hadde lege på øya Valamo i Ladoga. I Savolaks vart dei samla under namnet Nye Valamo kloster.
Geologi
endreBerggrunnen høyrer til Petsamo-supergruppa i Aust-Finnmarks grunnfjellsområde. Petsamo-supergruppa består av grønsteinar med eit basalkonglomerat under.
Petsjenga er aktuelt ilandføringsområde for gass frå det russiske Sjtokmanfeltet.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Petsjenga» frå Wikipedia på bokmål, den 2. april 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Kart Arkivert 2007-08-23 ved Wayback Machine.