Odisha
(Omdirigert frå Orissa)
Odisha, tidlegare Orissa (ଓଡ଼ିଶା oṛiśā), er ein delstat aust i India. Han grensar til delstatane Andhra Pradesh, Chhattisgarh, Jharkhand og Vest-Bengal, og har kyst mot Bengalbukta. Oriya (offisielt stava odia) er offisielt språk og blir tala av rundt 75 % av innbyggjarane i delstaten. Odisha er den 9. største delstaten i India og har det 11. høgaste folketalet.
Odisha | |||
ଓଡ଼ିଶା | |||
delstat | |||
|
|||
Forkorting: IN-OR | |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Bhubaneswar | ||
Areal | 155 707 km² | ||
Folketal | 41 974 218 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1. januar 1949 | ||
Språk | oriya | ||
Orissa 20°09′N 85°30′E / 20.15°N 85.5°E | |||
Kart som viser Odisha.
| |||
Wikimedia Commons: Odisha |
Dagens delstat blei skipa som provinsen Orissa av britane den 1. april 1936, med Cuttack. Kort tid etter at India fekk sjølvstende, 13. april 1948, blei Bhubaneswar utnemnd til hovudstad. Det offisielle namnet på delstaten blei endra til «Odisha» i 2011.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.censusindia.gov.in/pca/DDW_PCA0000_2011_Indiastatedist.xlsx.
- ↑ «Orissa celebrates Odisha» Arkivert 2013-04-26 ved Wayback Machine., indiatimes.com, Nov 5, 2011.
Bakgrunnsstoff
endre Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.