[go: up one dir, main page]

Omar Elabdellaoui

norsk fotballspelar

Omar Elabdellaoui (fødd 5. desember 1991) er ein norsk fotballspelar frå Oslo som er i spelarstallen til den tyrkiske klubben Galatasaray SK.[2][3] Hovudposisjonen hans er høgreback.

Omar Elabdellaoui
Personleg informasjon
Fødd 5. desember 1991
Fødestad Oslo
Posisjon Høgreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Galatasaray
Ungdomsklubbar
  Sagene
–2006 Skeid
2007–2010 Manchester City
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2011–2013 Manchester City (0)
2011 → Strømsgodset (lån) (2)
2012 → Feyenoord (lån) (0)
2013 → Eintracht Braunschweig (lån) (0)
Landslag
2006 Noreg U15 2 (0)
2007 Noreg U16 11 (1)
2008 Noreg U17 8 (1)
2008–2009 Noreg U18 6 (0)
2009–2010 Noreg U19 11 (1)
2010–2013 Noreg U21 13 (1)
2012 Noreg U23 1 (1)
2013– Noreg 44 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 12. juli 2020
‡ Landslagsmål oppdatert 18. november 2019[1]
Elabdellaoui i Olympiakos-drakt

Elabdellaoui reiste i 2008 til England og trente med Manchester City, utan å få speletid. I 2011 spelte han ei tid på Strømsgodset IF, året etter prøvde han seg i nederlanske Feyenoord. Frå januar 2013 til sommaren 2014 var han Eintracht Braunschweig-spelar. Frå sesongstart i august 2014 spelte Elabdellaoui høgreback i gresk toppfotball med Olympiakos frå Pireus, med unnatak for vårsesongen 2017, han prøvde seg då på Hull City, ein klubb som rykte ned frå den engelske toppserien. Han spelte for Olympiakos frå 2014 til 2020.[4]

Kjelder

endre