Olav Rytter
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Olav Rytter (29. januar 1903–7. juni 1992) var ein norsk journalist og omsetjar. Han er mest kjend som medarbeidar ved den norske avdelinga i BBC under andre verdskrigen.
Olav Rytter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. januar 1903 Kristiansund |
Død | |
Yrke | filolog, journalist, omsetjar, reporter, lektor, redaktør, radioprogramleiar |
Språk | norsk |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Far | Henrik Rytter |
Olav Rytter på Commons |
Bakgrunn
endreRytter var fødd iKristiansund[1] som son av lyrikaren og omsetjaren Henrik Rytter og Maren Ovidia Olsen.[2]
Han var gift med Dagny Jørgine Sausjord frå 1928 til 1945 og med Hanne Bull (fødd Stang) frå 1948. Gjennom den andre kona var han svigerson av Emil Stang d.y.[2]
Rytter vart utdanna filolog ved Universitetet i Oslo. Han studerte også ved Karlsuniversitetet i Praha, og spesialiserte seg på slaviske og indo-ariske språk.[1] Han var lektor i norsk i Praha og Warszawa frå 1928 til 1935.[3] I 1936 vart han tilsett som redaktør i den nystarta nynorske avisa Norsk Tidend.
Andre verdskrigen
endreVed krigsutbrotet 9. april 1940 arbeidde Rytter i nyhendeavdelinga i NRK. Han følgde regjeringa til Hamar, Elverum og Nybergsund. Han kom seg over til London via Stockholm og var på plass i BBC med norske sendingar frå 18. april 1940. Rytter vart verande ved BBC under heile krigen. Han deltok i frigjeringa av Finnmark i 1944 i operasjon Crofter, som sivil militær kaptein og tolk. Etter kapitulasjonen vart han i dåverande kronprins Olavs følgje tilbake til Noreg og var på plass i NRK med sin første reportasje av heimturen den 14. mai 1945.
Rytter skreiv boka Frå Nybergsund til Honnørbrygga i 1946. Boka inneheld enkelte reportasjar og intervju han gjorde som krigskorrespondent og progamsekretær ved BBC under krigen.
Etter krigen
endreI perioden 1948 til 1953 var han sjef for dei Dei sameinte nasjonane sitt informasjonskontor i Praha. Han omsette fleire bøker frå indiske og slaviske språk, og fekk i 1975 Norsk kulturråd sin omsetjarpris.
Prisar og utmerkingar
endreI 1975 fekk han Norsk kulturråd sin omsetjarpris. Rytter vart før andre verdskrigen utnemnd til riddar av Den kvite løveordenenen, og vart i 1947 forfremja til offiser for innsatsen for Tsjekkoslovakia under verdskrigen. Han var òg innehavar av Deltakarmedaljen, Haakon VIIs 70 års medalje, Kong Christian X fridomsmedalje og Medaljen for siger over Tyskland.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Olav Rytter 85 år». Norwegian News Agency. 26. januar 1988.
- ↑ 2,0 2,1 Dahl, Hans Fredrik (28. september 2014). «Olav Rytter». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ «Olav Rytter». Store norske leksikon (på norsk). 30. juni 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Olav Rytter» frå Wikipedia på bokmål, den 26. september 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Olav Rytter i BIBSYS