Olav
mannsnamn
Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne namneforma var Ólafr eller Óláfr, av urnordisk *anu-laiƀaR, samansett av anu- ‘ane, forfader’ og -laiƀaR , 'etterkomar, arving' (Stemshaug 1982). Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn. Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Olav og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Olaf eller Olof.
På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus (med eller utan tødlar over «u»). Døme på dette er Olaf Petersson (ein tilhengjar av Martin Luther), som på latin er kjend som Olaus Petri. Olaus Petri var ein av dei fremste preikarane i Sverige i tida kring reformasjonen.
Namneberarar
endreKongelege
endre- Olav I Trygvason eller Tryggvason, konge 969–1000
- Olav II Haraldsson den heilage, konge 1015–1028
- Olav III, Haraldsson Kyrre, konge 1067–1093
- Olav Magnusson, 1103–1110
- Olav IV Håkonsson, konge 1370–1387
- Olav V, konge 1957–1991
- Olof Skötkonung (980–1022), svensk konge frå 995
Andre
endre- Olaf Rye (1791-1849), dansk-norsk krigshelt
- Olav Duun (1876–1939), norsk forfattar
- Olav Aukrust (1883-1929), norsk lyrikar
- Olaf Bull (1883–1933), norsk forfattar
- Olav Nygard (1884-1924), norsk lyrikar
- Olav Gullvåg (1885-1961), norsk forfattar
- Olav Dalgard (1898-1989), norsk forfattar
- Olav Kaste (1902-1991), norsk forfattar
- Olav H. Hauge (1908–1994), norsk forfattar
- Olof Lagercrantz (1911–2002), svensk forfattar
- Olof Palme (1927–1986), svensk politikar
- Olav Hestenes (1930–1996), norsk jurist
- Olav Vesaas (f. 1935), norsk forfattar
- Olav Veka (f. 1942), norsk namnegranskar
- Olav Bratland (f. 1944), norsk politikar (H)
- Olav Stedje (f. 1953), norsk musikar
- Olav Gunnar Ballo (f. 1956), norsk politikar (SV)
- Olav Akselsen (f. 1965), norsk politikar (Ap)
- Olaf Henning Thommessen (f. 1966), norsk politikar
- Olav Luksengård Mjelva (f. 1983), norsk folkemusikar
Litteratur
endre- Stemshaug, Ola (red.) 1982: Norsk personnamnleksikon. Oslo: Det Norske Samlaget.
Bakgrunnsstoff
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Olav hjå Statistisk Sentralbyrå