[go: up one dir, main page]

Nikola Tesla (10. juli 18567. januar 1943) var ein fysikar, oppfinnar, mekanisk ingeniør, elektroingeniør og investor av serbisk avstamming. Han vart fødd i Smiljan i Krajina, som den gongen var under Austerrike-Ungarn, men som i dag ligg i Kroatia. Han fekk seinare statsborgarskap i USA. Tesla er best kjend for sine mange revolusjonerande bidrag til disiplinane elektrisitet og magnetisme mot slutten av det 19. hundreåret og byrjinga av det 20. Store delar av Tesla sine patent og teoretiske arbeid danna grunnlaget for moderne vekselstraumsteknikk, inkludert fleirfase distribusjonssystem og vekselstraumsmotoren. Moderne biografiar har døypt Tesla «mannen som fann opp det tjuande hundreåret» og «verneengelen til moderne elektrisitet».

Nikola Tesla

FøddНикола Тесла
10. juli 1856
Habsburg Smiljan i Keisardømet Austerrike, dagens Kroatia
Død7. januar 1943 (86 år)
 USA New York
Hjartefeil
NasjonalitetKeisardømet Austerrike, kongeriket Ungarn, USA
Områdeelektroteknikk, maskinteknikk, fysikar, mekanikk, oppfinnar
YrkeOppfinnar, fysikar og ingeniør.
InstitusjonarTesla Electric Light & Manufacturing
Westinghouse Electric
Alma materGymnasium Karlovac
Technische Universität Graz
Karlsuniversitetet i Praha
MedlemSerbias vitenskaps- og kunstakademi
Institute of Electrical and Electronics Engineers
Serbias vitenskaps- og kunstakademi

Etter å ha demonstrert radio i 1891[1] og vunne «spenningskrigen» (mot Edison si likespenning), var han vidkjend som Amerika sin fremste elektroingeniør. Mykje av dei tidlegare arbeida hans var pionérarbeid innanfor moderne elektroteknikk, og fleire av oppdagingane hans var banebrytande. I denne perioden kunne få oppfinnarar eller vitskapsmenn konkurrere med Tesla som den mest berømte i USA, men på grunn av sin eksentriske personlegdom og sine utrulege og tildels bisarre påstandar om mogelege vitskaplege og teknologiske gjennombrot, vart Tesla frossen ut og sett på som ein «galen vitskapsmann». Tesla var aldri særleg oppteken av pengar. Han døydde fattig 86 år gammal.

SI-eininga for magnetisk flukstettleik heiter tesla (symbol T) og er kalla opp etter han (på Conférence Générale des Poids et Mesures, Paris, 1960).

Ved sida av arbeidet hans med elektroteknikk, vert det sagt at Tesla har bidrege i varierande grad til fagfelt som robotteknikk, fjernstyring, radar og datateknologi, og til utviding av ballistikk, kjernefysikk, og teoretisk fysikk. I 1943 tilkjende høgsterett i USA han æra som oppfinnaren av radioen. Mange av bidraga hans til vitskapen har (kontroversielt) vorte nytta som støtte for ulike pseudovitskapar, teoriar på kva UFO-ar er og tidleg new age-okkultisme. Tesla er høgt skatta i både Serbia og Kroatia, og dessutan det seinare heimlandet hans USA.

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre