[go: up one dir, main page]

Myggblom

planteart
Myggblom

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Hammarbya
Art: H. paludosa
Vitskapleg namn
Hammarbya paludosa
Kuntze
Økologi
Habitat: våt myr
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Myggblom (Hammarbya paludosa) er ei plantemyggblomslekta Hammarbyaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad

endre

Myggblom er ei lita plante, som kan bli om lag 20 centimeter høg. Planta har gulgrøne blomar i eit smalt aks og to til fire blad nær bakken.

Systematikk

endre

Myggblom var tidlegare plassert i knottblomslekta med namnet Malaxis paludosa,[2] men er seinare skild ut som den einaste arten i planteslekta Hammarbya.[3][4]

Utbreiing

endre

I Noreg veks myggblom på våte myrer i låglandet, mest rundt Oslofjorden, men elles spreidd langs kysten og nordover heilt til Troms.[5] Planta står på Norsk raudliste for artar (2021) som nær truga (NT).[6]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn myggblomster),[7] i Danmark (EN, dansk namn hjertelæbe),[8] i Finland (NT) (finsk namn suovalkku)[9] og på Færøyane (CR, sera sjáldsom, færøysk namn vátlendismýggjargras).[10]

Myggblom (engelsk namn bog orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, vanlegast i Skottland. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC).[11] Lokalt er han sårbar (VU) i England[12] og sterkt truga (EN) i Wales.[13] Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[14] I Irland er arten verna gjennom forskrifta Flora (Protection) Order, 2015,[15] og på den irske raudlista har han status som nær truga (NT).[16]

I Estland (estisk namn sookäpp) veks myggblom spreidde stader over heile landet og er rekna som sårbar (VU).[17] I Latvia (latvisk namn purva sūnene)[18] veks arten ganske spreidd og er klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[19] I Litauen (litauisk namn pelkinė laksva) veks arten no særleg i søraust og i vest. Han er rekna som sterkt truga (EN).[20][21]

I Benelux er arten (nederlandsk namn veenmosorchis, fransk namn épipactis des marais) i svært sterk tilbakegang i Nederland. Det same gjeld i Belgia, der han no berre har einskilde veksestader både i Flandern og Vallonia.[22][23] I den nederlandske raudlista er rekna som sårbar (CR, ernstig bedreigd).[24] I Belgia er han òg rekna som kritisk truga både i Flandern (CR, ernstig bedreigd) og i Vallonia (CR, menacé d'extinction).[25][26] Arten finst ikkje i Luxembourg.

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar myggblom». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  2. Johannes Lid (1944). Norsk flora. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 69–70. 
  3. Johannes Lid (1952). Norsk flora (2. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 218. 
  4. «Artsdatabanken: Namnetre myggblom». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  5. «Artskart: Myggblom, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Myggblom». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 26. februar 2022. 
  7. «Artfakta naturvård: Hammarbya paludosa myggblomster». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Hjertelæbe Hammarbya paludosa». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  9. «LAJI: Hammarbya paludosa». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  10. Manna Maria Fosaa mfl. (2005). «Reyðlisti. Náttúrulýsing lendi og sløg» (PDF). Føroya Náttúrugripasavn. 
  11. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  12. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  13. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  14. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  15. «S.I. No. 356/2015 - Flora (Protection) Order, 2015.». Irish Statute Book. 2015. Henta 9. mars 2022. 
  16. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  17. «eElurikkus: Hammarbya paludosa» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  18. «Latvijas daba: purva sūnene» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  19. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  20. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 88-89. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  21. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 408. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  22. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Hammarbya paludosa». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  23. «Verspreidingskaart: Veenmosorchis – Hammarbya paludosa». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  24. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  25. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  26. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre