Music Week
Music Week er ein fagpublikasjon for den britiske platebransjen som blir distribuert via ein nettstad og eit månadleg trykt magasin. Det blir gitt ut av Future.
Music Week | |||
Oppretta | 1959 | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk | ||
Nettstad | https://www.musicweek.com/ |
Det vart skipa i 1959 som Record Retailer, og relansert 18. mars 1972 as Music Week.[1] 17. januar 1981 vart tittelen igjen endra, denne gongen til Music & Video Week. Rivalen Record Business, skipa i 1978 av Brian Mulligan og Norman Garrod, vart absorbert inn i Music Week i februar 1983. Seinare det året vart avleggjaren Video Week lansert og tittelen på den opphavlege publikasjonen gjekk attende til Music Week.
Music Week inneheld desse britiske hitlistene: Official Top 75 Singles of the month, Official Top 75 Albums of the month (til liks med listene som vart brukte av Top of the Pops[2] tidleg på 1990-talet og Absolute 80s på søndagar)[3][4] og Official Vinyl Charts. Spesialiserte hitlister inkluderer Official Top 20 Americana, Official Top 20 Classical, Official Top 20 Hip-Hop & R&B, Official Top 20 Jazz, Official Top 20 Country, Official Top 20 Dance, Official Top 20 Folk og Official Top 20 Rock & Metal. Music Week inneheld òg hitlister for strøyming og ulike albumsamlingar, medan James Masterton si vekevise spalte Official UK Chart Analysis no berre er tilgjengeleg på nettet for abonnentar.[5]
Då magasinet vart gitt ut kvar veke, inkluderte det topp 75-singlar, topp 75-artistalbum, topp 20-nedlastingar, topp 20-ringjetonar, topp 20-kompilasjonsalbum, topp 50-radioavspeling, topp 40-TV-avspeling og ei rekkje format- og sjangerlister (musikk-DVD, rock, indie osb.). Det inneheldt òg bakgrunnsinformasjon om sal og radiospelingsanalyser frå Alan Jones. Etter ei omlegging i oktober 2008 introduserte magasinet live-lister basert på Tixdaq-data, ei Box Office-liste og prediktive lister basert på informasjon frå Amazon.com, Rakuten.co.uk, Shazam, HMV.com og Last.fm.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Music Week» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Simon Frith; Matt Brennan; Martin Cloonan, Emma Webster (9. mars 2016). The History of Live Music in Britain, Volume I: 1950-1967: From Dance Hall to the 100 Club. Routledge. s. 151–. ISBN 978-1-317-02887-1.
- ↑ {«BBC One - Top of the Pops, 02/08/1990».
- ↑ «The Absolute 80s Album Chart on Absolute 80s».
- ↑ «Absolute 80s - Latest Show Schedule». Absolute 80s.
- ↑ «James Masterton's Chart Watch UK».