Morten Ørsal Johansen
Morten Ørsal Johansen (fødd 11. september 1964 i Sunndal) er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Han har vore vald inn på Stortinget frå Oppland fylke sidan 2009, og var 1. vararepresentant 2001–2009.
Morten Ørsal Johansen | |||
| |||
Fødd | 11. september 1964 (60 år) Sunndal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | handelshøyskole | ||
Alle verv |
|
Han har fagbrev som maskinarbeidar frå 1983 og 1994, og er Master of Management frå BI Gjøvik frå 2003. I tillegg har han vore fagarbeidar ved Raufoss Ammunisjonsfabrikk 1984–1994, prosesskontrollør 1994–1997 og prosessutviklar innan romfart ved Rfs. Technology 1997–2000.
Johansen har vore medlem av Vestre-Toten kommunestyre 1993–1995, formannskapsmedlem 1995–2003 og 2005–2009, i tillegg til gruppeleiar 1995–2009. 1999–2009 var han gruppeleiar og medlem av Oppland fylkesutval . Formann i Vestre Toten Frp 1992–2000, nestleiar i Oppland FrP 1996–1999, og leiar i Oppland FrP frå 1999. Rådgjevar i FrP 2008–2009.
Stortingskomitear
endre- 2009–2013: Medlem i Justiskomiteen
Bakgrunnsstoff
endre- Morten Ørsal Johansen hos Stortinget