[go: up one dir, main page]

Miami er ein by som ligg søraust i den amerikanske delstaten Florida. Sjølve byen har 342 000 innbyggjarar (2020), men han er den største i tettstadområdet Miami–Fort Lauderdale–Pompano Beach som er det niuande største i USA med over 6,1 millionar innbyggjarar.[5]

Miami
by
Land  USA
Stat Florida
Fylke Miami-Dade County
Areal 143 148 642 km²
Folketal 442 241 (1. april 2020)[1][2][3][4]
Kart
Miami
25°47′00″N 80°13′00″W / 25.783333333333°N 80.216666666667°W / 25.783333333333; -80.216666666667
Wikimedia Commons: Miami, Florida

Historie

endre

Miamiområdet var opphavleg folkesett av tekestaene. I 1566 gjorde Pedro Menéndez de Avilés krav på området for Spania, og ein misjonsstasjon blei grunnlagd året etter. Fort Dallas blei bygd i 1836, og Miami-området blei slagstad for den andre seminolekrigen (1835-1842).

Sjølve byen blei grunnlagd i 1896 takka vera arbeidet til landeigaren Julia Tuttle, og er dermed den einaste storbyen i USA grunnlagd av ei kvinne. Ved den offisielle grunnlegginga den 28. juli 1896 hadde byen 300 innbyggjarar. Miami voks til i 1920-åra, men opplevde økonomisk nedgang då eigedomsbobla i Florida sprakk og under depresjonen på 1930-talet. Byen vart også råka av orkan i 1926. Under andre verdskrigen var Miami eit viktig senter for kampen mot tyske ubåtar, og folketalet voks. Etter at Fidel Castro kom til makta på Cuba i 1959 har også mange flyktande kubanarar slått seg ned i byen. I 2000 rekna 65,8 % av innbyggjarane i Miami seg som latinamerikanske (Latino eller Hispanic).

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.census.gov/quickfacts/fact/table/miamicityflorida/PST045219; vitjingsdato: 21. august 2021.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «QuickFacts»; arkiveringsdato: 23. august 2023; vitjingsdato: 23. august 2023; oppført som: Miami city, Florida; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20230823194930/https://www.census.gov/quickfacts/fact/table/miamicityflorida/PST045222.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Florida Municipal Population Census Counts: 1890 to 2020». Arkivert frå originalen 4. april 2022. Henta 24. august 2023. 
  5. «2020 Population and Housing State Data». United States Census Bureau. Arkivert frå originalen August 24, 2021. Henta August 22, 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Miami