[go: up one dir, main page]

Mexico by

Mexicos hovudstad

Mexico by er hovudstaden og den største byen i Mexico. Tidlegare heitte byen Tenochtitlan. Byen ligg sentralt i Mexico, på eit platå som ligg 2 200 meter over havet. Byen er omgjeven av fleire vulkanar som rager opp til 5 500 meter over havet.

Mexico by
Føderalt distrikt
Flagg
Våpenskjold
Offisielt namn: Ciudad de México
Land  Mexico
Del av ZMVM
Areal 1 485 km²
Folketal 9 209 944 (2020)[1]
Grunnlagd  • 1325 (som Tenochtitlan)
 • 1521 (som Mexico by)
Kart
Mexico by
19°25′10″N 99°08′44″W / 19.419444444444°N 99.145555555556°W / 19.419444444444; -99.145555555556
Kart som viser Mexico by.
Kart som viser Mexico by.
Kart som viser Mexico by.
Wikimedia Commons: Mexico City

Eit kallenamn på Mexico by er la Ciudad de los Palacios, 'palassbyen'.

Sjølve sentrum av byen høyrer til administrativt Det føderale distriktet i Mexico (Distrito Federal, D.F). Forstadene til byen ligg i ti kommunar i den omliggande staten Estado de México. Det bur om lag 8,5 millionar menneske i Distrito Federal, men med forstader er innbyggjartalet nesten 18 millionar.

Historie

endre
 
Zócalo-plassen med nokre titals menneske.

Mexico by vart grunnlagt av den spanske conquistadoren Hernán Cortés i 1521. Byen vart lagt på ruinane til aztekar-byen Tenochtitlan, som Cortés nett hadde øydelagt.

Byen fungerte som hovudsete for visekongedømet Mexico frå 1525 til 1810, då området var ein spansk koloni. Etter Mexico sitt sjølvstende har Mexico by fungert som hovudstad i landet Mexico.

På 1900-talet har byen hatt ein eksplosiv vekst i innbyggjartalet. I 1950 hadde Mexico by 3 millionar innbyggjarar. I 2000 hadde byen 18 millionar innbyggjarar, og veksten i innbyggjartalet har no flata ut.

Mexico by var vertsby for dei 19. olympiske sommerleikane i oktober 1968.

Stadar i Mexico by

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mexico by