Lofotposten
Lofotposten er ei dagsavis som kjem ut i Svolvær. Avisa har ein redaksjon på Leknes og dekkjer i dag i hovudsak Lofoten. Marianne Steffensen Kielland er redaktør for avisa.
Avisa vart grunnlagt i 1896 av Joh. E. Paulsen og overtatt av a-pressa i 1995. Avisa fekk innsett ein NS-redaktør under krigen og kom ut gjennom heile krigstida. Avisa hadde stordomstida si på 50-talet med eit opplag på over 50 000 og dekte heile Nord-Noreg. Avisa spreidde seg over heile landsdelen mellom anna fordi fiskarane som var på lofotfiske hadde med seg avisa heim. I nyare tid har avisa fått konkurranse i heimemarknaden sin frå Lofot Tidende på Leknes og har tapt marknadsdelar i Vesterålen til Bladet Vesterålen og Vesterålens Avis.
Opplagstal
endreUtvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag |
---|---|
2000 | 9 455 |
2001 | 9 162 |
2002 | 8 726 |
2003 | 8 208 |
2004 | 7 871 |
2005 | 7 662 |
2006 | 7 429 |
2007 | 7 330 |
2008 | 7 133 |
2009 | 6 872 |
2010 | 6 512 |
2014 | 5 243 |
Kjelder
endre- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstadDenne medieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.