Leksem
Eit leksem er eit abstakt omgrep innan språkvitskap som viser til alle ordformene i eit bøyingsparadigme og tydingane deira. Orda hatt, hatten, hattar og hattane høyrer til dømes alle til eitt leksem. Ei ordform er ei realisering av leksem. Ordformene ting, tingen, tinga, tings, tingens, tingas realiserer leksemet «ting».
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |