Kryosfæren
Kryosfæren er eit omgrep som skidlrar dei delane av jordoverflata som har vatn i fast form, inkludert sjøis, is på innsjøar og elvar, snø, isbrear og innlandsis, samt frosen jord (som omfattar permafrost). Det er dermed ein stor overlapp med hydrosfæren. Kryosfæren er ein viktig del av det globale klimaet med viktige tilbakekoplingsprosessar som kjem av energi- og fuktfluksar frå overflata, skyer, nedbør, hydrologi og sirkulasjon i atmosfæren og hava.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cryosphere» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2011.