[go: up one dir, main page]

Krigserklæring er ei formell utsegn utført av ei nasjonal regjering - ofte av eit statsoverhovud - til ein eller fleire andre som seier at dei no er i krig. Haag-konvensjonen av 1907 gjer krav på at krigførande skal erklæra krig før eller like etter at krigshandlingar tek til.

Den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt skriv under ei krigserklæring mot det japanske keisarriket 8. desember 1941, ein dag etter åtaket på Pearl Harbor.

Krigserklæringar før ein byrjar å kriga har aldri vore konsekvent praktiserte, og er nærast gått ut av bruk på grunn av den taktiske fordelen overraskingsmomentet gjev. Etter at Kellogg-Briand-pakten og seinare SN-pakten la ned forbod mot angrepskrig, kan krigserklæringar reknast som ulovlege i internasjonal lov. Krig med ikkje-statlege aktørar, som geriljagrupper eller terroristar, forhindrar gjerne også den tradisjonelle krigserklæringa.

Kjelder

endre
  • «Waging war: Parliament's role and responsibility» (PDF). House of Lords. 27 July 2006. Henta 21 April 2008. «Developments in international law since 1945, notably the United Nations (UN) Charter, including its prohibition on the threat or use of force in international relations, may well have made the declaration of war redundant as a formal international legal instrument (unlawful recourse to force does not sit happily with an idea of legal equality).» 
  • «Krigserklæring» (12. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 1. juli 2014.
Spire  Denne samfunnsartikkelen som har med militær å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.