[go: up one dir, main page]

Korallrot

planteart
Korallrot

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Corallorhiza
Art: C. trifida
Vitskapleg namn
Corallorhiza trifida
Châtel.
Økologi
Habitat: myr
Utbreiing: Eurasia, Nord-Amerika

Korallrot (Corallorhiza trifida) er ei plantekorallrotslekta Corallorhizaorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]

Utsjånad

endre

Korallrot er ei lita plante, som kan bli om lag 20 centimeter høg. Planta har gulgrøne blomar i eit lite aks. Leppa på blomen er stutt og oftast veikt tredelt med raudbrune spissar. Stengelen er gjerne gulbrun med svært veik grønfarge.

Systematikk

endre

Korallrotslekta har eit titals artar i Nord-Amerika, men korallrot er den einaste arten i slekta som lever i Europa.[2]

I Danmark har ein stundom skild ut ein underart ved sidan av nominatunderarten (ssp. trifida), men det er tvil om han kan reknast som eit eige taxon:

  • C. trifida ssp. virescens (dansk namn grønlig koralrod),[3] og kalla C. trifida f. virescens[4]

Utbreiing

endre

I Noreg veks korallrot over det meste av landet.[5]Norsk raudliste for artar (2021) er arten rekna som livskraftig (LC).[6]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn korallrot),[7] i Danmark (VU, dansk namn koralrod),[8] i Finland (LC, finsk namn harajuuri),[9] på Island (LC, islandsk namn kræklurót)[10][11] og på Grønland (LC, grønlandsk namn isigammaasaaqqat).[12]

Korallrot (engelsk namn coralroot orchid) veks i den nordlege delen av Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[13] slik som lokalt i England.[14] Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[15]

I Estland (estisk namn kõdu-koralljuur) veks korallrot over det meste av landet, men er rekna som sårbar (VU).[16] I Latvia (latvisk namn trejdaivu koraļļsakne)[17] veks arten over det meste av landet på skogkledd myr. På den latviske raudlista er han klassifisert som sjeldan (kategori 3 – samazinās).[18] I Litauen (litauisk namn nariuotoji ilgalūpė) er arten i tilbakegang, men finst framleis over det meste av landet utanom i nord. Han er rekna som nær truga (NT).[19][20]

I Benelux vart arten (nederlandsk namn koraalwortel, fransk namn racine de corail) sist funne i Nederland i 1942, og han er der rekna som utdøydd. Han finst ikkje i Flandern, og i Vallonia finst han berre i Ardennane.[21][22] I den nederlandske raudlista er arten rekna som regionalt utdøydd (RE, verdwenen uit Nederland),[23] I Belgia er han rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[24]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar korallrot». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre korallrot». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  3. «Naturbasen: Grønlig Koralrod Corallorhiza trifida ssp. virescens». Naturbasen. Henta 1. mars 2024. 
  4. «Grønlig Koralrod». Danmarks orkidéer. Henta 1. mars 2024. 
  5. «Artskart: Korallrot, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 26. februar 2022. 
  6. «Raudlista: Korallrot». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 26. februar 2022. 
  7. «Artfakta: Corallorhiza trifida korallrot». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022. 
  8. «Naturbasen: Koralrod Corallorhiza trifida». Naturbasen. Henta 7. mars 2022. 
  9. «LAJI: Corallorhiza trifida». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022. 
  10. «Kræklurót (Corallorhiza trifida)». Náttúrufræðistofnun Íslands. Henta 14. februar 2023. 
  11. «Corallorhiza trifida». Global Biodiversity Information Facility. Henta 7. mars 2022. 
  12. «Rødlisten». Pinngortitaleriffik (Grønlands Naturinstitut). Henta 7. mars 2022. 
  13. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  14. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  15. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  16. «eElurikkus: Corallorhiza trifida» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 3. februar 2023. 
  17. «Latvijas daba: trejdaivu koraļļsakne» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 3. februar 2023. 
  18. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 3. februar 2023. 
  19. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 78-79. ISBN 9986-662-28-1. Henta 3. februar 2023. 
  20. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 396. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 3. februar 2023. 
  21. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Corallorhiza trifida». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  22. «Verspreidingskaart: Koraalwortel – Corallorhiza trifida». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  23. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  24. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre