Karl Verner
Karl Adolf Verner (fødd 7. mars 1846 i Aarhus, daud 5. november 1896 i København) var ein dansk lingvist, som formulerte Verners lov.
Karl Verner | |||
| |||
Fødd | 7. mars 1846 Aarhus | ||
---|---|---|---|
Død | 5. november 1896 København | ||
Nasjonalitet | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | antropolog, lingvist | ||
Institusjonar | Københavns Universitet | ||
Medlem | Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab |
Verner vart student 1864 og tok 1873 magistergrad i slaviske språk, der han førebudde seg mellom anna gjennom eit lengre opphald i Sankt Petersburg. Han vart 1876 tilsett ved universitetsbiblioteket i Halle og vart dessutan i 1883 dosent og i 1888 professor i slaviske språk i København. I 1887 vart han heidersdoktor i Heidelberg.
Verner publiserte svært lite - men han var likevel ein av dei mest kjende språkforskarane på 1800-talet, på grunn av artikkelen «Eine Ausnahme der ersten Lautverschiebung», som vart publisert i 1876 i Zeitschrift für vergleichende Sprachforschung. Artikkelen førte til at han fekk Bopp-prisen av Berlinakademiet.
I artikkelen viste han korleis det opphavlege indoeuropeiska trykket hadde stor påverknad for dei germanske språka. Denne oppdaginga har seinare vorte referert til som Verners lov. I same tidsskrift publiserte han same år ein annan viktig artikkel, «Zur Ablautsfrage».
Verners lov fekk store konsekvensar for lingvistikkens historie. I og med at ho gjorde greie for eit sett problematiske unntak i Grimms lov på ein enkel og elegant måte inspirerte ho junggrammatikarane i Leipzig til å postulere ein teori om unntakslause lydlovar, og meir generelt til å utvikle dei metodologiske krava til hypoteser om regelmessige lydsamband i den språkhistoriske forskinga.
Både desse to publikasjonane og det vesle han elles har skrive inngår i den samla utgåva av hans Afhandlinger og breve, som vart utgjeve 1903, i lag med ein utførleg biografi skrive av Marius Vibæk.
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.
- Denne artikkelen bygger på «Karl Verner» frå Wikipedia på svensk, den 14. september 2019.