[go: up one dir, main page]

Kanin

pattedyrart

Kanin (Oryctolagus cuniculus) er ein art i harefamilien som stammar frå den iberiske halvøya.[1] I dag finn ein introduserte eller tamme europeiske kaninar over store delar av verda. Dei blir haldne for kjøt, pels og ull og som kjæledyr.

Kanin
Kanin
Kanin
Utbreiing og status
Status i verda:
Status i Noreg: Framandart med høg risikoUtbreiinga av Kanin
Utbreiinga av Kanin
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Haredyr Lagomorpha
Familie: Harefamilien Leporidae
Slekt: Oryctolagus
Art: Kanin O. cuniculus
Vitskapleg namn
Oryctolagus cuniculus

Arten er den einaste i slekta Oryctolagus. Han blir delt inn i to underartar og cirka 100 ulike kaninrasar og variantar.[2] Ein skil gjerne mellom villkanin og tamkanin, men mange innførte ville kaninar stammar frå tamdyr. I det opphavlege utbreiingsområdet sitt er villkaninen rekna som sårbar eller truga.

Som haren er kaninen kjend for å ha lange øyre og kraftige bakbein. Han skil seg frå haren mellom anna ved at han føder nakne, hjelpelause ungar og ved det naturlege levesettet med å leva i store grupper i holer gravne i jorda.

Skildring

endre

Kaninen har ein karakteristisk krum kropp med korte framlemmer og lange, kraftfulle bakbein som gir dyret ei hoppande gangart. Hovudet er lite og halsen kort. Arten er utrusta med lange, ståande og særs bevegelege øyre. Den relativt korte snuten er utrusta med lange verhår ytst. Han har godt syn, god høyrsle og særs god luktesans. Hannen veg typisk litt meir enn hoa. Skallen er dessutan litt breiare hjå hannen.

Ville kaninar er vanlegvis gråbrune eller av og til òg svarte (på grunn av melanisme), medan dei mange ulike kaninrasane kan ha stor variasjon i både fargar og fargekombinasjonar. Kaninar veg typisk omkring 1,3-2,5 kg og har ei kroppslengd på cirka 34-45 cm, sjølv om enkelte individ kan bli både mindre og større. Halen er kort og typisk kvit på undersida. Lengda er typisk 4,5-7 cm.[3]

Villkaninen liker å grava og lever gjerne store delar av livet i utgravne hòler og tunnelar under bakkenivået.

Leveområde

endre

Sjølv om kaninar har klart seg godt i mange område dei er blitt introduserte til, har populasjonen gått ned på den iberiske halvøya. I 2005 blei arten klassifisert som «nær truga» av det portugisiske Instituttet for naturvern,[4] og i 2006 blei han klassifisert som «sårbar» av spanske styresmakter (SECEM).[5] I 2018 klassifiserte International Union for Conservation of Nature (IUCN) Oryctolagus cuniculus i Spania, Portugal og Frankrike som «sterkt truga» på grunn av den nylege skarpe nedgangen. På verdsbasis er arten derimot litt betre stilt, som «nær truga».[6]

Galleri

endre

Sjå og

endre

Kjelder

endre
  1. «ADW: Oryctolagus cuniculus: INFORMATION». Animal Diversity Web. 
  2. Nowak, R. 1999. Walker's Mammals of the World, Sixth Edition. Baltimore and London: The Johns Hopkins University Press.
  3. Burton, J. A. 1991. Field guide to the mammals of Britain and Europe. Kingfisher Books, London.
  4. Livro Vermelho dos Vertebrados de Portugal. Instituto da Conservação da Natureza (ICNF). 12. desember 2005. ISBN 978-972-775-153-2. Arkivert frå originalen 23. august 2021. Henta 29 March 2018. 
  5. «SECEM 2006 red list» (PDF). secem.es. Arkivert frå originalen (PDF) 6. oktober 2007. 
  6. Villafuerte, R.; Delibes-Mateos, M. (2019). «Oryctolagus cuniculus (errata version published in 2020)». IUCN Red List of Threatened Species 2019: e.T41291A170619657. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kanin
Spire  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.