Kantonar i Frankrike
Ein kanton i Frankrike er ein administrativ inndeling av arrondissementa og departementa i landet. Dei består ofte av fleire kommunar.
Dei 100 departementa og 329 arrondissementa i Frankrike er vidare delt inn i 3 879 kantonar.
Rolle og administrasjon
endreRolla til ein kanton er hovudsakleg å lage eit rammeverk for regionale val. Kvar kanton vel ein person til å representere seg ved conseil général du département — eller hovudstyret for departmentet, som er den grunnleggande administrative inndelinga av Frankrike.
I urbane område kan ein enkelt kommune bestå av fleire kantonar. På same måte kan eit kanton i landbruksområde bestå av fleire mindre kommunar. I slike tilfelle er gendarmerie-hovudkvarteret ofte plassert i den viktigaste byen (chef-lieu) i kantonen, sjølv om det finst unntak.
Dei tjue arrondissementa i Paris vert stundom rekna som kantonar, sjølv om dei ikkje har valmessige funksjonar.
Kantonar dannar òg rettsdisitrikt, som sete for Tribunaux d'instance eller «første rettsinstans».
Historie
endreKantonane vart oppretta i 1790 samtidig med departementa.
Statistikk
endreTalet på kantonar varierer frå departement til departement. Territoire de Belfort har til dømes 15, medan Nord har 79.