[go: up one dir, main page]

Jostein Flo

norsk fotballspelar

Jostein Flo (fødd 3. oktober 1964 i Stryn kommune) er ein norsk fotballspelar. Flo har spela 53 kampar og scora 11 mål for Noreg sitt a-landslag. Då Jostein Flo i 2002 avslutta spelarkarriera si starta han å arbeide med marknadsføring i Strømsgodset. Han har seinare vore dagleg leiar i drammensklubben. Jostein Flo er no sportssjef i Strømsgodset.

Jostein Flo


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1964 (60 år)
Stryn kommune
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1998, VM i fotball 1994
Utmerkingar Kniksens hederspris

Jostein Flo var ein svært sterk spelar med hovudet, og «Flo-pasninga» var ei lang pasning mot Jostein Flo sitt hovud, der han gjerne var i stand til å vinne hovudduellen og få ballen vidare til ein medspelar eller inn i feltet framom motstandaren sitt mål.

Karriere som spelar

endre
Klubb Kampar* Mål* Periode
Noreg  Stryn ? ? ????-1986
Noreg  Molde 72 26 1987-1990
Belgia  Lierse 25 7 1990-1991
Noreg  Sogndal 46 28 1991-1993
  Sheffield United 84 19 1993-1996
Noreg  Strømsgodset 161 110 1996-2002

* Berre seriekampar.

Bakgrunnsstoff

endre
Spire  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.