[go: up one dir, main page]

Jostedal

tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg

61°34′N 7°16′E / 61.567°N 7.267°E / 61.567; 7.267 Jostedal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004.

Jostedal kommune

endre

Kommunen vart oppretta som Jostedal formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen omfatta mellom anna dalføret Jostedalen. 1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.[1]

Folketalsutvikling

endre

Folketalsutvikling for tidlegare Jostedal kommune frå 1920 til 1963:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1963[1]
956 964 977 915 817 796

Arkiv frå Jostedal kommune

endre

Jostedal prestegjeld og sokn

endre

Jostedal prestegjeld omfatta i tillegg til Jostedal sokn òg Gaupne sokn og Fet og Joranger sokn. Både Gaupne og Fet og Joranger vart overførte til Jostedal prestegjeld i 1967, Gaupne hadde tidlegare høyrd til Luster prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde vore to sjølvstendige sokn tilhøyrande Hafslo prestegjeld.[5]

I Jostedal sokn er det ei kyrkje, Jostedal kyrkje frå kring 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet og ein kjenner til ei eldre stavkyrkje som har stått der.[6] I det tidlgare prestegjeldet er det elles fire kyrkjer; Fet kyrkje frå 1894, og Joranger kyrkje frå 1600-talet, begge på Indre Hafslo og tilhøyrande Fet og Joranger sokn, og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650 og Gaupne kyrkje frå 1907 i Gaupne sokn. Jostedal, Fet, Joranger og Gaupne har alle hatt kyrkje frå mellomalderen.

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  6. «Jostedal kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon