Javier Zanetti
argentinsk fotballspelar
Javier Aldemar Zanetti (fødd 10. august 1973 i Buenos Aires) er ein argentinsk tidlegare fotballspelar som no er visepresident for Inter Milan.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Javier Adelmar Zanetti | ||
Fødd | 10. august 1973 (51 år) | ||
Fødestad | Buenos Aires i Argentina | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Høgreback, venstreback, midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1992–1993 1993–1995 1995–2014 |
Talleres (RE) Banfield Inter |
33 (1) 66 (4) 539 (12) | |
Landslag | |||
1994–2011 | Argentina | 145 (5) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Zanetti var høgreback og spelte på Inter frå 1995 til 2014. Han spelte sin 700. kamp i meisterligafinalen 2010, ein kamp Inter vann med 2-0 over Bayern München. Han var kaptein både på Inter og det argentinske landslaget.
I Argentina er Zanetti kjend under kallenamnet Pupi, i Italia vart han kalla Il Trattore ('traktoren'). Namna kom av di han kunne springe heile vegen frå backposisjon til angrepsposisjon.
Zanetti deltok i verdsmeisterskapane 1998 og 2002. Med Inter vann han Meisterligaen 2010, UEFA-cupen 1998 og to gonger Coppa Italia, dessutan fem Serie A-meisterskap.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Javier Zanetti» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2020.
- National-football-teams