Jaroslav I av Kiev
Jaroslav I (978–1054), kalla Jaroslav den kloke (ukrainsk: Ярослав, kristennamn Georg, norrønt Jarizleifr) var storfyrste av Kievriket frå 1019 til 1054. Han var son av Vladimir I og Rogneda av Polotsk (nokre kjelder seier Anna av Bysants).
Jaroslav I av Kiev | |||
| |||
storfyrste av Kievriket | |||
Fødd | 978 | ||
---|---|---|---|
Død | 20. februar 1054 | ||
Dødsstad | Vysjhorod | ||
Mor | Rogneda av Polotsk | ||
Far | Vladimir I | ||
Ektefelle | Ingegjerd Olofsdatter | ||
Barn | Ellisiv av Kyiv, Anastasia av Kiev, Anna av Kyiv, Iziaslav I av Kiev, Svjatoslav II av Kyiv, Vsevolod I av Kyiv, Igor Yaroslavich, Volodymyr Jaroslavytsj, Ilja Jaroslavič, Vjatsjeslav Jaroslavytsj, Agatha, Edvard den landflyktiges hustru |
Etter at faren døydde i 1015 kjempa Jaroslav lenge mot brør sine om trona, og søkte støtte i Sverige. Med hjelp frå væringane erobra han Kiev i 1019. Under hans styre blomstra kyrkja, kulturen og den militære makta markant. Under Jaroslav vart den første lovboka for riket utgjeven, Russkaja pravda.[1]
Jaroslav var gift med den svenske prinsessa Ingegjerd Olofsdatter. Ho var opphavleg lova bort til Olav den heilage.[2] På sine eldre dagar gjekk ho i kloster, og vart helgenkåra som den heilage Anna av Novgorod. Jaroslav og Ingegerd var vertskap for Olav den heilage og følgjet hans då dei drog i eksil til Gardarike[3] (Kievriket) før Olav vende tilbake til Noreg og fall i Slaget på Stiklestad..[4]
Dottera, Elisaveta Jaroslavna, eller Ellisiv av Kiev som ho vert kalla i norsk tradisjon, vart gift med kong Harald Hardråde.
Referansar
endre- ↑ Jaroslav 1. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 17. februar 2017.
- ↑ Olav den helliges saga, kap. 80, 92-93
- ↑ «Gardarike». Store norske leksikon. 20. februar 2018. Henta 18. august 2018.
- ↑ Olav den helliges saga, kap. 181
- Denne artikkelen bygger på «Jaroslav I av Kiev» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2017.