Jakob Gavlen
Jakob Karstein Olsen Gavlen (9. november 1886 –28. oktober 1973) var ein norsk skreddar og kjøpmann frå Bjørnskinn i Nordland som var stortingsmann 1928-30 for Arbeidarpartiet og heimfylket.
Jakob Gavlen | |||
Fødd | 9. november 1886 | ||
---|---|---|---|
Død | 28. oktober 1973 (86 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Alle verv |
|
Gavlen var son til ein fiskar. Sjølv gjekk han i skreddarlære på Langenes frå 1901. Frå 1906 dreiv han eiga skreddarforretning i Skjoldehavn i Bjørnskinn, i 1914 flytta han verksemda til Sigerfjord i Sortland herad. I yngre år arbeidde han på skreddarverkstader i Trondheim, så vel som i Oslo. Gavlen fekk handverkarstipend i 1912, og stipend til studiereiser i Sverige og Danmark i 1919 og i 1923. Jamsides skreddarforretninga dreiv han handel i konfeksjon. Ei tid frå 1917 hadde han òg oppgåver som betjent i Tolloppsynet.
I tida 1922-28 var Gavlen med i formannskapet i Sortland. Valperioden 1928-30 representerte han Nordland og Arbeidarpartiet på Stortinget, der han var medlem i Protokollkomiteen. Deretter var han 1932-34 varaordførar i Sortland herad. Han var i Sortland elles til sine tider medlem i skulestyret, likningsnemnda og den kommunale husbanknemnda. Frå 1932 var han òg gjeldsmeklingsmann i Sortland.