Ilke Wyludda
Ilke Wyludda (fødd 28. mars 1969) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Leipzig som representerte Aust-Tyskland og seinare Tyskland i diskoskast og kulestøyt. Ho spesialiserte seg i diskoskasting og vart europameister i øvinga i 1990 og 1994, og olympisk meister i 1996. Frå 1989 til 1991 vann ho 41 strake sigrar, og vart einast slått av Tsvetanka Khristova under VM 1991.
Ilke Wyludda | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 28. mars 1969 (55 år) Leipzig |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Paralympiske sommarleikar 2012, Sommar-OL 1992 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt |
Aktiv
endreWyludda lukkast ikkje å kome med på Aust-Tyskland sitt lag til Sommar-OL 1988. Derimot sette ho den 13. september 1988, like etter olympiaden, å setje ein nærast uslåeleg juniorverdsrekord på 74,40 meter, to meter lengre enn vinnarkastet i OL.
Wyludda vann EM-gullet i diskos i 1990 og tok sølvmedaljen i øvinga i Tokyo-VM året etter. Dei neste sesongane var ho sett noko tilbake, grunna skadeproblem. Perioden 1994-96 var ho atter i den ypparste verdstoppen, og forsvarte EM-tittelen i Helsinki i 1994, før ho tok eit nytt VM-sølv i 1995. Under dei olympiske leikane i Atlantla 1996 var ho heilt i ei eiga klasse og vann diskostevlinga med over tre meters margin til sølvmedaljøren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 68,20 m
- EM 1990 i Split: Gullmedalje – 68,46 m, framom Olga Tsjernjavskaja (66,72 m)
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 69,12 m, bakom Tsvetanka Khristova (71,02 m)
- OL 1992 i Barcelona: Nr 9 – 62,16 m
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 11 – 60,42 m
- EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 68,72 m, framom Ellina Zvereva (64,46 m)
- VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 67,20 m, bakom Ellina Zvereva (68,64 m)
- OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 69,66 m, framom Natalja Sadova (66,48 m)
- EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 63,46 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 63,16 m
Sjukdom
endreI desember 2010 førte ein infeksjon til at Wyludda måtte få amputert høgrebeinet frå låret. Ho har sidan delteke i handikappidrett, mellom anna var ho med ved Sommar-Paralympics i 2012.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ilke Wyludda» frå Wikipedia på tysk, den 15. august 2016.