Hvaler kommune
Hvaler er ein kommune sørvest i Østfold fylke, ytst i Oslofjorden. Kommunen vert utgjort av 833 øyar, holmar og skjer (alle over 20 m²). Største tettstad er kommunesenteret Skjærhalden, som ligg på Kirkøy. Frå Skjærhalden til Fredrikstad er det om lag 28 km. Om sommaren mangedoblast innbyggjartalet om ein reknar med alle hyttegjestene. Den største primærnæringa er fiskeri (i 1990 var 8 % av 1452 yrkesaktive innan fiske). Største hamn på Hvaler er Utgårdskilen, som er den største fiskehamna aust for Lindesnes.
Hvaler kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Østfold | ||
Adm.senter | Skjærhalden | ||
Areal | 90,12 km² | ||
• land | 90,06 km² | ||
• vatn | 0,06 km² | ||
Folketal | 4 787 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Mona Vauger (Ap) | ||
Kommunenr. | 3110 | ||
Hvaler 59°03′N 11°00′E / 59.05°N 11°E | |||
Kart som viser Hvaler kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hvaler | |||
Nettstad: www.hvaler.kommune.no |
Kommunen har riksvegsamband (riksveg 108) til Fredrikstad. Sambandet vart bygd ferdig med fyllingar og bruer frå fastlandet til Asmaløy i 1971, og tunnel (3755 m lang, 120 m djup) under sundet Løperen vidare til Kirkøy i 1989. Det er båt- og ferjesamband frå Skjærhalden til Nordre Sandøy, Søndre Sandøy, Herføl og Lauer, og rutebåt til Strömstad i Sverige.
Større øyar og øygrupper
endreFolk frå Hvaler
endre- Rolf Øivind Utgård, tidl. fagforbundsleiar, sakprosaforfatter
Bakgrunnsstoff
endre- Hvaler.Net
- Hvaler kommune (Offisiell nettstad)