Huáscar
(Omdirigert frå Huascar)
Huáscar (quechua Waskar, 'waskar, 'kjede' eller 'tau'), ca. 1500–1532, var den siste legitime inkaen som regjerte i inkariket. Han var nummer to i arverekkja etter Ninan Cuyuchi. Men Cuyuchi døydde omtrent samstundes som faren, inka Huayna Cápac ca. 1525.[1] Etter det vart Huáscar utnemnd og krona til inka med sete i Cuzco. I førstninga delte han riket med halvbroren Atahualpa som var de facto herskar i nordriket, men seinare braut det ut borgarkrig mellom dei to fraksjonane. I eit endeleg slag utanfor Cuzco i 1532 sigra Atahualpa sine styrkar og Huáscar vart fanga. Seint i 1532 vart han myrda etter ordre frå Atahualpa som sjølv var fange hos Francisco Pizarro i Cajamarca.
Huáscar | |
Statsborgarskap | Inkariket, Cuzco-regionen |
Fødd | 1490 Peru |
Død |
1532 (42 år) |
Yrke | monark, politikar |
Språk | spansk |
Tittel | Sapa inka |
Føregangar | Huayna Cápac |
Etterfylgjar | Atahualpa |
Far | Huayna Cápac |
Mor | Rahua Ocllo |
Ektefelle | Chuqui Huipa |
Huáscar på Commons |
Referansar
endre- ↑ Hemming, John: The Conquest of the Incas, Macmillan (1970),
side 30: «His army and court were struck by a violent epedemic that killed Huayna Cápac,…, at some time between 1525 and 1527.»