[go: up one dir, main page]

Hundehald i Noreg

Hundehald i Noreg omfattar hald av hund som nytte- og kjæledyr frå førhistorisk tid til det moderne samfunnet. Hundehald er i dag regulert av Hundelova, og det blir stilt krav til korleis ein skal halde hund, både i høve til velferda til dyra sjølv og i høve til andre, som ved bandtvang.

Hundar i Femundløpet.

Det var registrert kring 565 000 ID-merka hundar i Noreg ved byrjinga av 2022.[1]

 
Same med hund som fangar reinsdyr med lasso i 1957.

Ein har halde hund i Noreg sidan steinalderen. Det eldste husdyret ein har funne spor etter er hund som levde rundt 4000 f.Kr. i Vistehola ved Stavanger.[2]

Norsk buhund er ein spisshund som truleg stammar frå hundetypen dei fyrste innvandrarane hadde med seg til Noreg.[3] Den vesle spisshunden lundehund har også gamle aner, og stammar truleg frå buhund eller ein annan urhund. Han blei fyrst dokumentert på 1500-talet.[4]

Hundetypar

endre

Det er registrert rundt 250 ulike hunderasar i Noreg.[5] Ifølgje Norsk Kennel Klub, som meiner han har oversyn over rundt 60 prosent av hundane i Noreg, var dei mest populære registrerte rasane i 2022:[6]

Det finst sju nasjonale norske hunderasar, norsk buhund, norsk elghund grå, norsk elghund svart, norsk lundehund, dunker, haldenstøvar og hygenhund, der berre norsk elghund grå ikkje er rekna som utryddingstruga.[7] Genmaterialet til desse rasane blir teke vare på av Norsk genressurssenter, Norsk Kennel Klub og ulike lag for dei ulike rasane.[3]

Det er fleire rasar som ikkje er lov i Noreg. Nokre av dei er rekna som farlege hunderasar, andre er det ikkje lov å driva avl på fordi rasane kan ha store helseproblem.[8] Dei seks rasane pitbullterrier, amerikansk staffordshire terrier, fila brasileiro, toso inu, dogo argentino, tsjekkoslovakisk ulvehund er forbodne som farlege.[9] Det er forbod mot avl på desse, og på cavalier king charles spaniel av helseomsyn.[10]

Lovregulering

endre

Etter hundelova frå 2022 skal ein hundeeigar ha «nødvendig kompetanse til å kunne forebygge at uheldige situasjoner eller skader oppstår», som «kunnskap om hold og trening av hund og kunnskap om hundens behov, naturlige adferd, bruksområde og det skadepotensialet hunden kan utgjøre.»[11]

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. Darrud, Aud (15. januar 2022), «Dette var Norges mest populære hunderase i fjor», NRK (på norsk bokmål), henta 30. desember 2023 
  2. «husdyr» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. 3,0 3,1 Norwegian Kennel Club & Norwegian Genetic Resource Centre (2009). «Native dog breeds of Norway. Norwegian national heritage». Skog og landskap, Fagbøker og annet. Norsk institutt for skog og landskap. Henta 8. juni 2021. 
  4. https://www.abcnyheter.no/helse-og-livsstil/2012/12/25/164917/oppdretter-vil-redde-utrydningstruet-lundehund?redirect=true
  5. Løberg, Gry; Eikeseth, Wenche; Roig, Olaf A. (20. desember 2023). «hund». Store norske leksikon (på norsk). 
  6. Pedersen, Elise (11. april 2023), «Blir ringt ned av folk som vil omplassera Border colliane sine», NRK, henta 30. desember 2023 
  7. Darrud, Aud (8. juni 2021), «Disse norske hunderasene kan dø ut», NRK (på norsk bokmål), henta 30. desember 2023 
  8. Trygstad, Andreas Nilsen (2. februar 2023), «Professor og veterinær: – Åpenbart at lovene for dyreavl ikke følges i dag», NRK (på norsk bokmål), henta 30. desember 2023 
  9. «Forbudte hunder og hunderaser», Mattilsynet (på norsk), 3. mars 2023, henta 30. desember 2023 
  10. «Forbud mot å avle hunder av rasen cavalier king charles spaniel», Mattilsynet (på norsk), 22. november 2023, henta 30. desember 2023 
  11. «Lov om forsvarlig hundehold (hundeloven) - Lovdata», lovdata.no, henta 30. desember 2023 

Bakgrunnsstoff

endre