[go: up one dir, main page]

Huáscar (quechua Waskar, 'waskar, 'kjede' eller 'tau'), ca. 1500–1532, var den siste legitime inkaen som regjerte i inkariket. Han var nummer to i arverekkja etter Ninan Cuyuchi. Men Cuyuchi døydde omtrent samstundes som faren, inka Huayna Cápac ca. 1525.[1] Etter det vart Huáscar utnemnd og krona til inka med sete i Cuzco. I førstninga delte han riket med halvbroren Atahualpa som var de facto herskar i nordriket, men seinare braut det ut borgarkrig mellom dei to fraksjonane. I eit endeleg slag utanfor Cuzco i 1532 sigra Atahualpa sine styrkar og Huáscar vart fanga. Seint i 1532 vart han myrda etter ordre frå Atahualpa som sjølv var fange hos Francisco Pizarro i Cajamarca.

Huáscar
Statsborgarskap Inkariket, Cuzco-regionen
Fødd 1490
Peru
Død

1532 (42 år)
Mollebamba District

Yrke monark, politikar
Språk spansk
Tittel Sapa inka
Føregangar Huayna Cápac
Etterfylgjar Atahualpa
Far Huayna Cápac
Mor Rahua Ocllo
Ektefelle Chuqui Huipa
Huáscar på Commons

Referansar

endre
  1. Hemming, John: The Conquest of the Incas, Macmillan (1970),
    side 30: «His army and court were struck by a violent epedemic that killed Huayna Cápac,…, at some time between 1525 and 1527.»