[go: up one dir, main page]

Herbert Henry Asquith

britisk politikar

Herbert Henry Asquith (12. september 185215. februar 1928) var ein britisk jurist og liberal politikar. Han var statsminister i Storbritannia frå 1908 til 1916.[1]

Herbert Henry Asquith

Fødd12. september 1852
Morley i West Yorkshire
Død15. februar 1928 (75 år)
Statsborgar avStorbritannia
PartiDet liberale parti
Yrkepolitikar, diplomat, Skrankeadvokat
Utdanna vedBalliol College
City of London School
City Law School
Fulneck School
MorEmily Willans
FarJoseph Dixon Asquith
EktefelleMargot Asquith, Helen Kelsall Melland
BarnElizabeth Bibesco, Raymond Asquith, Herbert Asquith, Arthur Asquith, Violet Bonham Carter, Cyril Asquith, Anthony Asquith
MedlemRoyal Society
Alle verv
  • britisk statsminister (1908–1916)
  • opposisjonsleder (1920–1922)
  • Storbritannias krigsminister (1914–1914)
  • leder av Underhuset (1908–1916)
  • Storbritannias finansminister (1905–1908)
  • Home Secretary (1892–1895)
  • Member of the Privy Council of Ireland (1916–)
  • Medlem av Det kongelige råd (1892–)
  • medlem av Storbritannias 33. parlament (1923–1924)
  • medlem av Storbritannias 32. parlament (1922–1923)
  • medlem av Storbritannias 31. parlament (1920–1922)
  • member of the 30th Parliament of the United Kingdom (1910–1918)
  • member of the 29th Parliament of the United Kingdom (1910–1910)
  • medlem av Storbritannias 28. parlament (1906–1910)
  • medlem av Storbritannias 27. parlament (1900–1906)
  • member of the 26th Parliament of the United Kingdom (1895–1900)
  • medlem av Storbritannias 25. parlament (1892–1895)
  • medlem av Storbritannias 24. parlament (1886–1892)
  • First Lord of the Treasury (1908–1916)
  • rektor (University of Aberdeen, 1908–1911)
  • opposisjonsleder (1916–1918) Sjå dette på Wikidata

Liv og gjerning

endre

Asquith var fødd i Morley i West Yorkshire som son av Joseph Dixon Asquith (1825–1860) og kona Emily, fødd Willans (1828–1888). Familiane til begge var knytte til ullindustrien i regionen.

I unge år var Asquith ein framgangsrik sakførar. Frå 1886 representerte han det liberale partiet i det britiske parlamentet, vald inn frå East Fife og attvald i over tretti år. 1892-95 var han innanriksminister i ei regjering leia av William Gladstone. Asquith vart ein sentral figur i det liberale partiet i perioden 1895-1905, då partiet var i opposisjon. Etter det liberale partiet kom til makta i 1906 var Asquith finansminister i ei regjering leia av Henry Campbell-Bannerman.

Då statsministeren døydde i 1908 tok Asquith over som formann i partiet og statsministerposten i Storbritannia. Dei komande åra fremja det liberale partiet ei reformlinje, og som statsminister fekk Asquith gjennomført fleire sosiale reformer. Særleg viktig var det at Underhuset i 1911 fekk avskaffa den absolutte vetoretten til Overhuset. Han var den siste statsministeren utgått frå dei liberale som leia ei fleirtalsregjering. Etter parlamentsvalet i desember 1910 leia han ei minoritetsregjering. I august 1914 tok Asquith Storbritannia og det britiske imperiet inn i fyrste verdskrigen. Tidleg i året 1915 vart han tvinga til å danne ei samlingsregjering med statsrådar òg frå det konservative partiet og arbeidarpartiet.

Asquith var meir ein gruppeleiar enn ein dynamisk leiar. Han hadde tilsyn med nasjonal mobilisering, utskipinga av den britiske hærstyrken til vestfronten, opprettinga av ein masse-hær og utviklinga av ein industriell strategi eigna til å støtte krigsmåla. Utover i 1915 vart regjeringa kraftig angripen grunna mangel på ammunisjon og den mislukka framstøyten mot Gallipoli. Krigen låste seg og krava om betre styring melde seg. Som regjeringsleiar vart han svekka av lita handlekraft kring strategi, verneplikt og finansiering av krigføringa. Regjeringa lukkast heller ikkje dempe den politiske valden i Irland.

Manglande fastleik i å handtere alle sider ved krigen førte til at Asquith i desember 1916 måtte gå av. Partifellen David Lloyd George tok over som statsminister. Sidan leia Asquith den liberale underhusgruppa som motsette seg samlingspolitkken Lloyd George førte som statsminister. Dei to vart bitre fiendar som kjempa om å ha kontroll over det jamt svekka liberale partiet.

Asquith si rolle i å skape den britiske velferdsstaten, 1906–11, er erkjent. Derimot har historikarar peika på hans manglar som partileiar og krigsleiar i tida frå 1914. Han var den einaste statsministeren mellom 1827 og 1979, det britiske riket si stordomstid, som sat samanhengande åtte år i posisjonen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Herbert Henry Asquith