Gan Shmuel
Gan Shmuel (hebraisk skrift גַּן שְׁמוּאֵל, tyder Shmuelhagen) er ein kibbutz i Haifa distrikt i Israel, aust for Hadera. Han er kalla opp etter rabbien Shmuel Mohilever.
Gan Shmuel | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Kystsletta | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°27′N 34°57′E / 32.450°N 34.950°E | ||
Folketal | 839 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1913 | ||
• Grunnlagd av | Austeuropeiske emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Gan Shmuel 32°27′N 34°57′E / 32.45°N 34.95°E | |||
Kart som viser Gan Shmuel.
| |||
Wikimedia Commons: Gan-Shmuel | |||
Nettstad: www.ganshmuel.org.il |
Historie
endreI 1895 planta grunnleggjarane av byen Hadera Gan Shmuel, ein lund for etrogar. Landområdet Gan Shmuel vart overført til Jewish National Fund og ei lita gruppe pionerar byrja å ta seg av frukthagane og budde i eit fleire etasjar høgt hus i 1913. Gruppa vart rekna som ein kibbutz i 1921. Den første stabile gruppa vart oppretta i 1923 og medlemmane vart rekna som grunnleggjarane av Gan Shmuel. Bygningane i kibbutzen vart teikna av Arieh Sharon i Bauhaus-stil.[2]
Industri
endreKibbutzen er eigar (43 %) for drikkevareselskapet Gan Shmuel Foods Ltd. Selskapet vart skipa i 1941 og eksporterer produkt til 35 land i Europa og Midtausten og er den største eksportøren av handsama matvarer i Israel. Etter at Gan Shmuel Foods vart slått saman med Ganir Ltd. i 2007, eig Gan Shmuel-gruppa juicemerket Primor.[3][4][5][6]
Sports
endreKibbutzen er heimstaden til Hapoel Gan Shmuel Menashe basketballlag, som tidlegare spelte i den øvste divisjonen i israelsk basketball.
Galleri
endre-
Flyfoto av Gan Shmuel
-
Gan Shmuel juicefabrikk, kring 1959
-
Rabbiar frå Jerusalem ser over kveiteinnhaustinga i Gan Shmuel, for å sikre seg at kveiten er kosher for å lage Shmurah matzah (1930 - 1938)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Gan Shmuel» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2015.
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2011. Henta 30. desember 2012.
- ↑ The Influence of Bauhaus on Architecture in Early Palestina and Israel
- ↑ Ovadia, Avishay; Hadass, Guy (23. april 2003). «Gan Shmuel Foods works in Europa». Globes. Henta 11. april 2015.
- ↑ Ripard, Joanna (11. juli 2010). «Kibbutzen life of an israelske executive». The Times of Malta. Henta 11. april 2015.
- ↑ «Gan Shmuel Group» (PDF). Israel Ministry of Industry, Trade and Labor. Arkivert frå originalen (PDF) 13. mars 2016. Henta 11. april 2015.
- ↑ Dovrat-Meseritz, Adi (3. september 2008). «Is Israel ready for vegetable juice?». Haaretz. Henta 11. april 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)