[go: up one dir, main page]

Gülcan Mıngır (fødd 21. mai 1989) er ein tyrkisk langsdistanseløpar som har spesialisert seg på hinderløp. Ho vart europameister i øvinga i 2012.

Gülcan Mıngır


Statsborgarskap Tyrkia
Fødd 21. mai 1989 (35 år)
Döğer
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012
Mıngır, i midten, på sigerspallen under EM 2012 i Helsingfors

Aktiv

endre

I 2011 deltok Mıngır i friidretts-VM i Daegu, men klarde ikkje å kvalfisere seg til finalen på 3000 meter hinder.

I juni 2012 rykte Mıngır heilt opp i verdstoppen på hinderdistansen, då ho i Sofia sette tyrkisk rekord med 9.13,53. Nokre få veker seinare viste ho seg forvorittstempelet verdig då ho under europameisterskapen i Helsingfors vann gullmedaljen framom Svitlana Schmidt frå Ukraina og tyske Antje Möldner-Schmidt. Vinnartida vart 9.32,9. I august månad 2012 vart Mıngır derimot slått ut i forsøksløpet etter å kome i mål på tida 9,47,35.

Kjelder

endre