Frank Hansen
Frank Hansen (fødd 4. august 1945) er ein norsk tidlegare roar og olympisk meister frå Tøyen i Oslo. Han rodde ofte saman med veslebroren Alf Hansen.
Frank Hansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 4. august 1945 (79 år) Oslo |
Idrett | roing |
Tok del i | rowing at the 1972 Summer Olympics – men's double sculls, rowing at the 1976 Summer Olympics – men's double sculls |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris |
Karriere
endreFrank Hansen var innom både ski og bryting før han enda opp med roing som "sin" idrett i 1962. Han dreiv mykje med einarroing fram til 1970-talet, og deltok i internasjonale roarregattaar i Ratzeburg og Luzern. På denne tida hadde ikkje nordmenn delteke i desse tevlingane tidlegare. Under sommar-OL 1972 i München rodde Hansen dobbeltsculler saman med Svein Thøgersen, og dei tok olympisk sylv. Etter dette vart det veslebroren Alf Hansen som vart Frank sin faste makker.
I 1975 vart brørne Hansen for fyrste gong verdsmeistrar i dobbeltsculler, og vann for dette Morgenbladets gullmedalje. Brørne deltok i Sommar-OL 1976 i Montreal og tok gull i dobbeltsculler; den einaste gullmedaljen Noreg fekk i leikane dette året. For denne sigeren vann dei Fearnleys olympiske ærespris same året. Også i åra 1978 og 1979 vart brørne verdsmeistrar.
Då Noreg i 1980 boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, la Frank Hansen opp som profesjonell roar. Då hadde han vunne olympisk gull og sylv, tre VM-gull, samt fleire andre medaljar. Etter at han la opp, vart Frank Hansen norsk landslagstrenar i roing.
Prisar
endre- 1975: Morgenbladets gullmedalje
- 1976: Fearnleys olympiske ærespris
- 1976: Æresmedlem i Ormsund Roklub.