Framsókn
Framsókn (norsk omsetjing: «Framsteg») er eit liberalt og separatistisk politisk parti på Færøyane. Partiet står sterkast i hovudstaden Tórshavn og bygdene rundt.
Framsókn | |||
| |||
Land | Færøyane | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Poul Michelsen | ||
Grunnlagt | 9. mars 2011 | ||
Hovudkvarter | Tórshavn | ||
Ideologi | liberalisme | ||
Politisk posisjon | sentrum-høgre |
Partiet vart stifta 9. mars 2011 av Poul Michelsen og Hanna Jensen, som begge braut med Fólkaflokkurin.[1] Michelsen skildra partiet som «eit liberalt nasjonalparti».[2] Skipingsmøtet samla om lag 120 personar, fleire enn landsmøta til dei store partia. Poul Michelsen vart formann i partiorganisasjonen og lagtinggruppa frå byrjinga, medan Hanna Jensen vart nestformann i partiet og innvald i kommunestyret i Eysturkommuna. Mellom andre som kom tidleg med i Framsókn var Sámal Petur í Grund, tidlegare minister og formann i Sjálvstýrisflokkurin; Jákup Sverri Kass, luftfartsdirektør og tidlegare lagtingmedlem for Sjálvstýrisflokkurin; Hans A. Norðfoss, tidlegare nestformann i HUXA; og forretningsmannen Tróndur Djurhuus.[3]
6. april 2011 vart 2 300 veljarfråsegner overlevert til statsminister Kaj Leo Johannesen, og 13. april fekk partiet rett til å stille til neste lagtingval.[4][5] Ungdomsorganisasjonen til partiet, Framsøkin Ungdómur, vart stifta 12. august 2011.[6] Ved lagtingvalet i oktober 2011 fekk partiet 6,3 % av røystene og to representantar inn på Lagtinget, Poul Michelsen og Janus Rein. Rein melde seg seinare ut av partiet og inn i Fólkaflokkurin.
Ved valet i september 2015 fekk Framsókn på nytt valt inn to medlemmar på Lagtinget, Poul Michelsen og Hanna Jensen. Framsókn danna koalisjonsregjering med Javnaðarflokkurin og Tjóðveldi med Michelsen som utanriks- og næringsminister.[7] I nokre dagar hausten 2015 melde Annika Olsen frå Fólkaflokkurin overgang til Framsókn, men gjekk attende til det gamle partiet sitt.[8]
Hausten 2019 vart Poul Michelsen ramma av hjerneblødning.[9] I mars 2020 heldt Michelsen ein avskilstale i Lagtinget, der han sa frå seg lagtingplassen og leiarskapen i Framsókn. Framsókn valde Michelsen sin varamedlem, som no rykte opp til fast lagtingmedlem, Ruth Vang, til ny partileiar.[10][11]
Valhistorikk
endre
|
|
Kjelder
endre- ↑ Lindenskov, Eirikur (9. mars 2011). «Nýggi flokkurin hjá Poul eitur »Framsókn«» (på færøysk). portal.fo. Arkivert frå originalen 22. juli 2012.
- ↑ «Rigsombudsmanden på Færøerne, indberetning nr. 2/2011. Grønlandsudvalget 2010–11 (1. samling). Alm.del. Bilag 47» (på dansk). Folketinget. 14. mars 2011. Arkivert frå originalen 25. mai 2012. Henta 4. april 2017.
- ↑ «Handan Framsókn» (på færøysk). Framsókn. Arkivert frå originalen 25. mai 2012.
- ↑ Johannesen, Johnsigurd (13. april 2011). «Framsókn góðkendur flokkur» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 25. mai 2012.
- ↑ Johannesen, Johnsigurd (7. april 2011). «Løgmaður fingið 2300 undirskriftir frá Framsókn» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 25. mai 2012.
- ↑ Johannesen, Uni Holm (16. august 2011). «Framsókn hevur nú ungmannafelag» (på færøysk). aktuelt.fo. Arkivert frå originalen 25. mai 2012.
- ↑ Mohr, Bjarni (15. september 2015). «Sí listan: Her kunnger hann øll landsstýrisfólkini» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 11. oktober 2015.
- ↑ Mohr, Bjarni (4. februar 2016). «Eftir 145 dagar: Nú er hon aftur í Fólkaflokkinum» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Arkivert frå originalen 5. februar 2016.
- ↑ Joensen, Jákup Bogi (27. desember 2019). «Poul Michelsen eftir heilabløðing: Lívið hevur fingið nýggjar dimensjónir og virðini eru endurskoðað» (på færøysk). Arkivert frå originalen 6. august 2020. Henta 6. mars 2020.
- ↑ Johannesen, Johnsigurd (6. mars 2020). «Her er seinasta røðan hjá Poul Michelsen» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 6. mars 2020.
- ↑ Johannessen, John (6. mars 2020). «Nýggja forkvinnan: Poul hevur verið mín fyrimynd» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 6. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Framsókn» frå Wikipedia på bokmål, den ) 30. november 2020.