Flygeteknikken å stille
Å «stille», òg nemnd å «rytle», er ein flygeteknikk hos nokre artar av fuglar og insekt som «står stille» i lufta ved hjelp av kraftige vengeslag.[1]
Når fuglar stiller vil hovudet liggje stasjonært i forhold til bakken over tid. Å stille er svært energikrevjande for fuglen og kan også krevje løftekraft via vind. Teknikken blir til dømes brukt av fleire terner, isfuglar og rovfuglar når dei søkjer næring, vanlegvis i ope landskap eller over vatn. Ein teknikk ved næringssøk er at fuglen stiller høgt opp på himmelen, for så å gå ned litt, og til slutt dukke lynraskt og prøve å fange bytet. Andre artar stiller i staden i lågare høgd og dukkar rett etter bytet. Nokre fuglar, som lerker, stiller under spelflukta, og nokre småfuglar som meiser og flugesnapparar kan nokre gonger sjåast å stille medan dei søkjer. Sjølv kolibriar står stille i lufta når dei syg nektar frå blomstrar, men bruker ein heilt annan flygeteknikk.
Frå ordforklaringar i bøker på norsk bokmål:
- Stille = «rytle, stå stille i luften på flagrende vinger (f.eks. tårnfalk).»[2]
- Rytle - «Fugler som stiller eller står stille i luften mens de tar til seg næring eller speider etter byttedyr.»[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ryttla» frå Wikipedia på svensk, den 15. mai 2023
- «NOAB Det norske akademis ordbok». Henta 15. mai 2023. «rytle»
- ↑ Svensson, Lars (1999). Gyldendals store fugleguide (1 utg.). Gyldendal fakta. s. 8. ISBN 8205255547.
- ↑ Haftorn, Svein (1966). Fjellfauna. Bruns Bokhandels forlag. s. 186.
- ↑ Harrison, Colin (2000). Fugler fra hele verden. Teknologisk forlag. s. 401. ISBN 8251205646.