Ferrol
Ferrol er ein by i provinsen La Coruña i Galicia i Spania ved kyten av Atlanterhavet. Byen har kring 75 000 innbyggjarar og eit storbyområde som omfattar opp mot 250 000 innbyggjarar.
Ferrol | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Galicia | ||||
Provins | La Coruña | ||||
Grunnlagd | Første hundreåret fvt. | ||||
Borgarmeister | Vicente Irisarri | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
82,65 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
74 696 903,8 /km² | ||||
Koordinatar | 43°28′N 8°15′W / 43.467°N 8.250°W | ||||
Høgd over havet | 0 - 50 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 15401 - 15406 | ||||
Telefon-retningsnummer | 981 | ||||
Nettstad: www.ferrol.es |
Byen har vore kjend for skipsverfta sine og har hatt ein av dei største spanske marinebasane sidan Bourbon-familien styrte landet. Før dette, på 1600-talet, var Ferrol det viktigaste våpenlageret i Europa. I dag er byen mest kjend for skipsverftet Navantia.[1]
Byen er fødestad for den spanske generalen Francisco Franco i 1892 og vart offisielt kalla El Ferrol del Caudillo frå 1938 til 1982.
Historie
endreDet er funne spor etter menneske i området her frå førhistorisk tid. I romartida fasnt det ein fiskelandsby her i det første hundreåret fvt. Etter Romarriket fall, vart Ferrol plyndra av vandalar, og i 411 erobra av suebar. I 584 vart kongedømet deira innlemma i kongedømet til vestgotarane.[2]
Frå 711 til 739 vart han plyndra av arabarar og vart til slutt gjenerobra av den vestgotiske kongen av Asturias i 754 og vart verande ein del av det kristne Spania frametter.[3]
Huset Asturias oppretta ein utpost her for å verne seg mot arabarane, som stundom kom nordover for å plyndre området. I tillegg vart området plyndra av normannarar og vikingar på tokt. På 1300-talet gav Henrik II byen til den mektige Andrade-familien.[4]
I 1568 vart byen råka av ein storbrann[5] som øydela mellomalderbyen og delar av festningsverka. Då Huset Bourbon kom til makta på 1700-talet, vart hamnebyen Ferrol ein av dei leiande marinebasane i landet.[6]
Skipsverfta A Graña og Ferrol vart bygde mellom 1726-1783[7] og produserte skip verna med koparskjold frå Xubia.
Det var nesten umogeleg å setje opp ein blokkade utanfor Ferrol i seglskutetida på grunn av vedvarande sterk vestavind langs denne farlege kyststripa. Trass i desse fordelane vart forsvarsverka reduserte under Karl IV og i 1800 gjekk britane i land med ein flåte på 109 skip og gjekk til åtak på San Felipe-borga. Dette åtaket på Ferrol fann stad under napoleonskrigane i Europa, då spanjolane var venta å gå inn på franskmennene si side, som dei gjorde i slaget ved Trafalgar i 1805.[8] Borga klarte derimot å stå imot åtaket og flåten trekte seg attende.
Under den spanske sjølvstendekrigen vart spanjolane allierte med England, men dei klarte ikkje å hindre franskmennene i å ta byen i 1809.
Under Ferdinand VII mista Ferrol statusen som hovudstad, men det var likevel aktivitet i byen, og i 1858 vart det første spanske dampskipet bygd i Ferrol.
Etter den spanske borgarkrigen vart skipsverfta i Ferrol overtekne av staten og nasjonaliserte i 1945. Frå 1938 til 1982 vart byen kalla «El Ferrol del Caudillo» etter diktatoren i Spania, Francisco Franco, som var fødd her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ferrol» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
- ↑ NAVANTIA, arkivert frå originalen 18. juni 2008, henta 4. november 2009
- ↑ (Britoniensis ecclesiae episcopus), arkivert frå originalen 21. september 2009, henta 24. oktober 2009
- ↑ Bispedømet Ferrol-Mondoñedo
- ↑ Kongelege i Spania frå 1492 til 1805: Det spanske riket
- ↑ “History of Ferrol” (1846) avisa El Ferrolano, 10. februar 1846, no.1
- ↑ Marinebasen El Ferrol under Karl III av Spania
- ↑ «Ferrol». Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica på nett.
- ↑ Blokkadar på franske og spanske hamnebyar - mai 1805, arkivert frå originalen 25. juli 2008, henta 4. november 2009