Enguresjøen
Enguresjøen er ein innsjø i Latvia. Han ligg vest i landet i Talsi fylke og er den tredje største i Latvia etter Lubāns og Rāzna.
Enguresjøen | |||
innsjø | |||
Land | Latvia | ||
---|---|---|---|
Utløp | Mersragakanalen | ||
Nedslagsfelt | 644 km² | ||
Høgd over havet | 3.2 moh. | ||
Lengd | 17,9 km | ||
Breidd | 4,4 km | ||
Areal | 40,46 km² | ||
Middeldjupn | 0,4 m | ||
Største djupn | 2,1 m | ||
Volum | 0,0168 km³ | ||
Koordinatar | 57°44′N 25°14′E / 57.733°N 25.233°E | ||
Øyar | 9 (størst: Liela sala, Apalrova, Kazrova) | ||
Byar | Mersrags | ||
Enguresjøen 57°16′00″N 23°06′00″E / 57.266666666667°N 23.1°E | |||
Wikimedia Commons: Engures ezers |
Enguresjøen var tidlegare ein lagune og er berre skild frå sjøen av ein 1,5 til 2,5 km brei sandbanke. Utsiget er den kunstige Mersragakanelen som vart grave ut i 1842. Innsjøen er eutrofisk og er stort sett overgrodd av siv. Han inneheld 16 fiskeartar.
Heile innsjøen og området rundt har vore ein del av Enguresjøen naturpark sidan 1999, men det første naturreservatet vart oppretta her i 1957. I innsjøen ligg det ei flytebrygge som ornitologar nyttar. Innsjøen vart ein del av Ramsarkonvensjonen si liste i 1995.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Engure» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naturbevaringsplan for Engursjøen naturpark Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
- www.ezeri.lv