Elva Creuse
Creuse er ei 255 km lang elv vest i Frankrike og ei av sideelvane til Vienne. Ho har sitt utspring i Plateau de Millevaches, ei nordvestleg forlenging av Massif Central. Ho renn nordvestover gjennom følgjande departement og byar:
- Creuse (kalla opp etter elva): Aubusson
- Indre: Argenton-sur-Creuse, Le Blanc
- Indre-et-Loire: Descartes, Yzeures-sur-Creuse
- Vienne: La Roche-Posay
Creuse | |||
elv | |||
Creuse i Argenton-sur-Creuse
| |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 9 570 km² | ||
Lengd | 255 km | ||
Middelvassføring | 81 m³/s | ||
Kjelde | Plateau de Millevaches | ||
• høgd | 932 moh. | ||
Munning | Vienne | ||
Elva Creuse 45°43′43″N 2°10′47″E / 45.728749°N 2.179735°E | |||
Wikimedia Commons: Creuse river |
Creuse munnar ut i Vienne om lag 20 km nord for Châtellerault. Ei av sideelvane til Creuse er Gartempe.