Edvin
mannsnamn
(Omdirigert frå Edwin)
Edvin og Edwin er engelske mannsnamn med opphav i gammalengelsk Eadwine, tilsvarande norrønt Audvin og nyare norsk Audun. Namneleddet Ed- betyr 'rikdom' og -vin betyr 'ven'.
Edvina og Edwina er hokjønnsformer av namnet. Ein annan skrivemåte er Edwyn.
Bruk
endreNamnet blei brukt for rundt 0,2 % av nyfødde gutar frå litt før 1885 til litt før 1925. Bruken gjekk deretter ned, men tok til å veksa igjen på 1990-talet. Det er 1 314 menn som heiter Edvin og 186 som heiter Edwin i Noreg (2009).
Namneberarar
endre- Edwin av Northumbria, angelsaksisk konge i Skottland, gav namn til Edinburgh
- Edwin Drake (1819–1880), amerikansk oljepioner
- Edwin Hubble (1889-1953), amerikansk astronom
- Edvin Adolphson (1893-1979), svensk skodespelar
- Edvin Wide (1896-1996), svensk langdistanseløpar
- Edwin «Buzz» Aldrin (f. 1930), amerikansk astronaut og månelandar
- Edvin Öhrström (1906-1994), svensk kunstnar
- Edvin Aamot (f. 1963), norsk skytterkonge
- Edwin van der Sar (f. 1970), nederlandsk fotballmålmann
- Edwyn Collins (f. 1959), skotsk musikar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Edvin hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Edvin» frå Wikipedia på svensk, den 10. mars 2009.