[go: up one dir, main page]

Dundee er den fjerde største byen i Skottland. Han er bygd på og rundt den utdøydde vulkanen Dundee Law og ligg på nordre sida av vika Firth of Tay ved Nordsjøen, om lag midt mellom Edinburgh og Aberdeen.

Dundee
Dùn Dè
by
Flagg
Våpenskjold
Kallenamn: City of Discoveries
Land  Storbritannia
Region Dundee
Tradisjonelt grevskap Angus
Areal 67 339 690 km²
Folketal 148 280 (2016)
Postnummer DD1-DD5
Retningsnummer 01382
Kart
Dundee
56°27′38″N 2°58′12″W / 56.460555555556°N 2.97°W / 56.460555555556; -2.97
Wikimedia Commons: Dundee

Historie

endre

Dundee starta som ei piktisk busetjing i jarnalderen. Han fekk status som burgh, eller by, av kong William I i 1191. Medan det blir fortald at bror til kongen gav han namnet Donum Dei, 'Guds gåve', etter å såvidt ha unnsluppe døden på veg heim frå krosstog, er det meir truleg at namnet kjem frå det gæliske Dun Dèagh, som tyder 'borga ved Tay'.

Industri

endre

Byen hadde lenge tre hovudindustriar, kjend som «dei tre J-ane»: Jute, og annan tekstilindustri, jam, eller syltetøy, og journalistikk. Dei to første er så godt som borte i dag, men forlaget D. C. Thomson & Co. gjev fortsatt ut ei rekke blad og aviser.

I 2004 fekk Dundee status som rettferdig handelsby.

Skipet som tok Robert Scott og følgjet hans til Antarktis, RSS Discovery, blei laga i Dundee, og er i dag på utstilling i byen.

 
Byen og vika frå fjellet Dundee Law.
Foto: Hans Musil

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dundee