Drenica
elv i Kosovo
Drenica (serbisk Дреница; albansk Drenica) er ei elv i Kosovo med ei lengd på 50 km. Ho er ei sideelv til Sitnica frå høgre. Heile elva renn gjennom Kosovo og har gjeve namn til regionen med same namn.
Drenica (Дреница) | |||
elv | |||
Land | Kosovo | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 447 km² | ||
Lengd | 50 km | ||
Kjelde | Crnoljeva nordvest for Štimlje i Kosovo | ||
Munning | Sitnica, nordvest for Kosovo Polje i Kosovo | ||
Drenica 42°28′28″N 20°58′25″E / 42.474305555556°N 20.973611111111°E | |||
Wikimedia Commons: Lumi Drenica |
Drenica spring ut frå sentrale område av fjellet Crnoljeva. Det ligg fleire store landsbyar i dalen, og den vesle byen Glogovac. Like før ho munnar ut i Sitnica nær byen Kosovo Polje, deler ho seg i to greiner. Elva høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedslagsfelt på 447 km².
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Drenica River» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Denne geografiartikkelen som har med Kosovo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.