[go: up one dir, main page]

Det engelske flagget

Det engelske flagget utgjer ein raud kross på kvit botn.

Det engelske flagget

St. Georg vart vernehelgen for England på 1200-talet, og den raude krossen vart brukt av engelske krossfararar (opphavleg høyrte den raude krossen på kvit duk til franskmennene, mens dei engelske brukte kvit kross på raud duk, men dette vart etter kvart bytta om). Det vert ofte hevda å vere eit av dei eldste symbola for kongeriket. Det var likevel først på 1500-talet at Georgskrossen vann fram som Englands nasjonalflagg. I samband med reformasjonen vart symbol og flagg for dei andre helgenane til England avskaffa. Den første dokumenterte bruk av det kvite flagget med raud kross som det einaste flagg brukt til sjøs er frå 1545.