Den granadiske konføderasjonen
Den granadiske konføderasjonen (Confederación Granadina) var ein kortlivd forbundsrepublikk skipa i 1858 etter konstitusjonelle endringar i Republikken Ny-Granada. Konføderasjonen bestod av det som seinare kom til å bli landa Colombia og Panama. Han blei erstatta av Dei sameinte colombiske statane etter konstitusjonelle endringar i 1863.
Confederación Granadina Den granadiske konføderasjonen | |||||
| |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Hovudstad | Santa Fe de Bogotá | ||||
Språk | Spansk | ||||
Styreform | Forbundsrepublikk | ||||
Historie | |||||
- Oppretta | 1858 | ||||
- Opphøyrde | 1863 | ||||
Valuta | Peso |
Historie
endreDen kortlivde granadiske konføderasjonen var markert av opposisjon frå Colombias konservative parti og Colombias liberale parti, som enda i borgarkrig. Det var òg ein periode av fiendskap mot den katolske kyrkja, og sterk regionalisme.
Det granadiske konføderasjonen blei skipa gjennom grunnlova frå 1853 i Republikken Ny-Granada, som gav meir sjølvstyre til provinsane. Talet på provinsar blei fordobla til 35 stykke under Manuel María Mallarino (1855–1857), alle med kvar sin provinskonstitusjon.[1]
Grunnlova av 1858
endreUnder konservative Mariano Ospina Rodríguez vedtok kongressen i Colombia ein ny grunnlov den 22, mai 1858.[2] Under denne grunnloven blei namnet Den granadinske konføderasjonen nytta, og konføderasjonen bestod av åtte statar.
Meir makt og representasjon blei gjeve til provinsane. Kvar stat kunne ha si eiga lovegjevande forsamling og velja sin eigen president.
Visepresidentsystemet blei avskaffa, og erstatta med ein person utnemnd av kongressen i Colombia.
Presidenten og senatorane kunne veljast til fireårsperiodar, og medlemmer av representanthuset til toårsperiodar.
Konstitusjonen oppgav òg korleis makt og ansvar var fordelt mellom delstatane og sentralregjeringa.
Kjelder
endre- ↑ Aguilera Peña, Mario. «La Presidencia en los 9 Estados soberanos de Colombia: el poder ejecutivo en el sistema federal, 1853-1885» (på spansk). Banrepcultural.
- ↑ Constitución para la Confederación Granadina de 1858
- Denne artikkelen bygger på «Granadinska konfederationen» frå Wikipedia på svensk, den 30. august 2019.