Burntisland
Burntisland er ein kystby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 6000 innbyggjarar. Han ligg ved Firth of Forth og har ei strand merkt med blått flagg.
Burntisland | ||
---|---|---|
Burntisland | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Fife | |
Tradisjonelt grevskap | Fife | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
5 940 | |
Koordinatar | 56°4′N 3°14′W / 56.067°N 3.233°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | KY3 | |
Telefon-retningsnummer | 0 01592 87 | |
Byen er òg kjent for marknadsdagane sine på sommaren, og for høglandsleikane. Rossend Castle frå 1400-talet ligg i byen.
The Binn, ein ås bak byen, er eit kjent landemerke som består av av ein vulkansk plugg som strekkjer seg 193 moh.
Området var tidlegare kjent for olje- og aluminiumsproduksjon, og dessutan skipsbygging. Byen fekk i 2004 status som Fairtrade Town.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Burntisland» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.