[go: up one dir, main page]

Buksbomfamilien er ein plantefamilie i buksbomordenen (Buxales). Han inneheld buskar og små tre. Desse har heile blad og blomar som er små, einkjønna og kronlause.[1]

Buksbomfamilien
Sarcococca confusa
Sarcococca confusa
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Buksbomordenen Buxales
Familie: Buksbomfamilien Buxaceae
Dumort., 1822

Familien omfattar 4-6 planteslekter med 100-120 artar. I APG III-systemet er slekta Didymeles teken med i buksbomfamilien, denne har tidlegare òg vore rekna til ein eigen familie, Didymelaceae.

Fleire artar i slekta blir brukt som hageplantar. Ingen artar i familien veks naturleg i Noreg, men buksbom blir brukt som hekkplante i mildare delar av landet.

Slekter

endre

Slektene under familien kan grupperast slik:

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «buksbomfamilien». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 25. oktober 2020.