[go: up one dir, main page]

Brukar:Roger/mount everest

Mount Everest
fjell
Everest sett frå Kala Patthar i Nepal
Fjellkjede Himalaya
Lettast tilkomst Sør-austryggen
Koordinatar 27°59´16“N 86°56´40“E

Mount Everest er det høgaste fjellet i verda over middel hav-nivå. Høgda er på heile 8 844,43 meter. Fjellet ligg på grensa mellom Nepal og Kina; sjølve toppen ligg i Nepal. Fjellet vert stundom referert til som "den tredje polen" på jorda.

Toppen vart nådd klokka 1130 lokal tid den 29 mai 1953 av Edmund Hillary frå New Zealand og sherpaen Tenzing Norgay frå Nepal via den sørlege ruta.

Fjellet har oppgjennom tidene kravd fleire menneskeliv under klatreekspedisjonar.


Nordmenn på Everest

endre

Den første norske ekspedisjonen til Mount Everst, som var leiia av Arne Næss jr., nådde toppen i 1985. Dei som nådde toppen var, i tillegg til Næss jr., Bjørn Myrer Lund, Odd Eliassen, Håvard Nesheim, Stein P. Aasheim, Ralph Høibakk og engelskmannen Sir Chris Bonington. I tillegg var Ola Einang og Kjell Torgeir Stokke med på ekspedisjonen.

  • 1985: Arne Næss jr., Bjørn Myrer Lund, Odd Eliassen, Håvard Nesheim, Stein P. Aasheim, Ralph Høibakk
  • 1994: Erling Kagge
  • 1996: Olav Storlien Ulvund, Svein Gangdal, Morten Rostrup
  • 2004: Randi Skaug, Cecilie Skog
  • 2005: Femdal Røe, Jon Gangdal, Henrik Wolf Meedom og Marius Flygind