[go: up one dir, main page]

Brukar:Kjersti Lie/sandkasse7

Kommuneplan Wikipedia nynorsk 23.11.2012

Kommuneplan er ein norsk plantype. Han er heimla plan- og bygningsloven som den samla overordna planen for kommunen. Han skal vise hovudtrekk i framtidig utvikling av kommunesamfunnet, og gjev rammer for både offentleg og privat verksemd. Vidare planlegging og tiltak skal rette seg etter han. Historisk blei plantypen introdusert i Noreg som generalplan med bygningsloven av 1965. Dei fleste andre land har ein liknande plantype som omfattar heile kommunens areal, for eksempel kommuneplan i Danmark, generalplan i Finland og översiktsplan i Sverige.

Kommunal planstrategi gjev føringar

endre

Kommunen skal i løpet av det fyrste året av kvar valperiode utarbeide og vedta ein planstrategi som seier noko om langsiktig samfunnsutvikling, arealbruk, miljøutford-ringar, sektoranes verksemd og planleggingsbehovet i perioden. I dette ligg òg vurde-ring av om heile eller delar av kommuneplanen skal reviderast og ei vurdering av kva for arealplanar som skal utarbeidast eller reviderast, med andre ord eit overordna planleggingsprogram for dei neste fire åra.

I arbeidet skal det innhentast synspunkt frå statlege og regionale organ og frå nabokommunar, og leggast til rette for brei medverking og offentleg debatt. Forslaget skal leggast ut til offentleg ettersyn, og eventuelle merknader skal vurderast før kommunestyrebehandlinga. Dette arbeidet kan kombinerast med oppstarting av ar-beidet med kommuneplan.

Kommuneplanen er overordna

endre

Planens innhald

endre

I tråd med Plan- og bygningslovens generelle omsyn i planlegging (§ 3-1) skal kommu-neplanen omhandle den fysiske, miljømessige, økonomiske, sosiale og kulturelle utvik-linga i kommunen. Han skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, inte-resser og oppgåver. Ideelt sett skal altså kommuneplanen gje hovudtrekka for all poli-tisk verksemd i kommunen. Han skal bygge på den kommunale planstrategien og legge retningslinjer og pålegg frå statlege og regionale styresmakter til grunn, det vil seie stat-lege føringar og retningslinjer, regional plan etc.

Ordinært skal kommuneplanen omfatte heile kommunen og alle politikkområde, men det kan òg utarbeidast delplanar som utfylling av den samla planen for avgrensa tema eller politikkområde og for geografisk avgrensa område. Det siste blir gjerne brukt for avgrensa bydelar og for tettstader i landkommunar.

Kommuneplanen skal innehalde ein samfunnsdel med handlingsdel og ein are-aldel. Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og kommunen som organisasjon. Bak dette skal det gjerast greie for alternative utviklingsretningar. Samfunnsdelen skal danne grunn-lag for ulike sektorars planar og gjeremål i kommunen, og gje retningslinjer for kor-leis mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd og i samarbeid med andre offentlege organ og private.

Med utspring i samfunnsdelen skal det vere ein handlingsdel med fire års per-spektiv. Her skal prioriteringar og ulike tiltak gå fram. Dette heng saman med øko-nomiplanen, som har heimel i kommuneloven (lenke til Wn), og som kan inngå i handlingsprogrammet. Handlingsdelen skal reviderast kvart år tilsvarande kommu-nens budsjett. På same måte som det skal vere rekneskap er det aktuelt med årleg rapportering om oppfylging av kommuneplanen.

Andre land har ikkje så omfattande krav som Noreg til kva kommuneplanen skal omfatte. Det vanlege er at hovudvekta ligg på arealplanen, men det må sjølvsagt vere med nødvendig avklaring av samfunnsutvikling som grunnlag for denne.

Utarbeiding og planbehandling

endre

Etter plan- og bygningsloven har dei sentrale politiske og administrative organa, kom-munestyre og rådmann, ansvaret for kommuneplanarbeidet, men kommunen kan orga-nisere arbeidet på den måten dei sjølv finn best. Det er vanleg at det samla kommune-planarbeidet blir organisert på sentralt nivå. Mange organ og etatar gjev sine delbidrag i form av utgreiingar, rapportar, sektorplanar etc. Arbeidet med arealdelen skjer gjerne i kommunens plan- eller tekniske etat.

Når eit kommuneplanarbeid skal settast i gang, skal dette kunngjerast offentleg, og berørde offentlege og andre organ skal få melding. Som grunnlag for planarbeidet skal det utarbeidast eit planprogram på same måte som for andre plantypar. Etter høyring og offentleg ettersyn av forslag til planprogram er det ordinært kommunestyret som skal vedta det.

Det generelle kravet om samarbeid med offentlege og andre organ og medverking gjeld. Planforslag skal sendast på høyring til relevante offentlege organ og leggast ut til offentleg ettersyn. Eventuelle merknader skal behandlast før endeleg vedtak i kommu-nestyret. Dei vanlege reglane for offentlege organs rett til motsegn (innsigelse) gjeld. I tillegg kan Miljøverndepartementet på sjølvstendig grunnlag oppheve heile eller delar av planen eller gjere nødvendige endingar dersom han er i strid med nasjonale interesser eller regional plan.

Kommuneplanens arealdel

endre
 
Utsnitt av Trondheim kommuneplans arealdel 2012-2024. Utsnittet viser Lade, Leangen og Rotvoll
 
Forslag til kommunedelplan for Lade, Leangen og Rotvoll, Trondheim

Kommuneplanens arealdel skal dekke heile kommunens areal, og skal vise disponering av areala og gje rammer og vilkår for nye tiltak og arealbruk med grunnlag i dei behova og tiltaka som kjem fram i samfunnsdelen. Han skal fastlegge i kva område det blir stilt krav om reguleringsplan (lenke til ny). Arealplanen skal omfatte plankart, føresegner (bestemmelsar) og beskriving. Han er bindande for nye og utviding av tiltak, men kan fråvikast ved seinare reguleringsplan.

Den nye plan- og bygningsloven har innført nye arealformål som er nesten like for kommuneplan og reguleringsplanar. Det er definert seks hovudformål, og innan kvart hovudformål kan det brukast underformål etter behov. I Forskrift om kart, stedfestet informasjon, arealformål og kommunalt planregister (kart- og planforskriften) er det oppgjeve ei mengd underformål og fastlagt fargebruk etc. Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister 1 og 2 (ekstern lenke) gjev detaljerte og utfyllande reglar for planframstilling. Desse må brukast ved framstilling av areal-plankart.

Det er òg eit system med omsynssoner (hensynssoner) i seks grupper, tilsvarande som for reguleringsplanar. Dette fungerer slik at formåla bestemmer arealbruken og omsynssonene gjev omsyn og restriksjonar på bruken. Til planen kan det knytast regu-leringsføresegner, både generelle og til kvart arealformål. Blant anna kan dei stille krav til detaljregulering, innhald i utbyggingsavtalar (lenke til ny?) og rekkefylgje for etable-ring av service, teknisk infrastruktur (lenke til ny?), grønstruktur etc. (§§ 11-9 til 11)

Kjelder

endre
  • Fiskaa, H. (2012) Fysisk detaljplanlegging. Trondheim: Institutt for byforming og planlegging, NTNU
  • Miljøverndepartementet (2009): Planlegging etter Plan- og bygningsloven Veileder T-1476, 2009.
  • Miljøverndepartementet (2009): Lovkommentar til plandelen i ny Plan- og bygnings-lov - og nytt i forbindelse med iverksetting av loven.
  • Miljøverndepartementet (2012): Kommuneplanens arealdel. Veileder T-1491.
  • Miljøverndepartementet (2012): Kommuneplanprosessen - samfunnsdelen – hand-lingsdelen. Veileder T-1492.

Bakgrunnsstoff

endre
  • Plan- og bygningsloven
  • Kart- og planforskriften
  • Nasjonal produktspesifikasjon for arealplan og digitalt planregister

Sjå også

endre


Kategori: Plan- og bygningsloven